Nyheter

Vestland, Vestland!

Vestlandet er ikkje ein stad, det er ein tilstand, skriv Erlend O. Nødtvedt i Vestlandet, og det har han sikkert stole frå nokon. Sentralbadet set av heile laurdag 2. april til eit dykk ned i Vestlandets myteoppspunne identitet og karakter: Ein samtale med Erlend O. Nødtvedt, filmvisning av Leander Djønnes film «Bytestein», litterært vestlandsveg-show med Halvor Folgerø – og ein samtale om plikt, fridom og odel med Tormod Haugland og Marianne Clementine Håheim. Musikalske innslag og servering blir det i løpet av dagen og kvelden!

Sjå arrangementssida vår for program, eller facebook.

 

KJØP BILLETTAR HER

Kl. 14.00 VESTLANDET LES

Forfattarane Erlend Nødtvedt, Tormod Haugland, Leander Djønne og Marianne Clementine Håheim les frå sine bøker.

 

Kl. 15.00  BYTESTEIN

Leander Djønne viser filmen «Bytestein». Bytestein er eit poetisk verk som tematiserer jordas utviklingssteg gjennom historia, vår felles oldtid, og dei naturlege hendingar som har drive verda framover. Filmen ser på vårt forhold til tid som eit flytande fenomen, der ulike perspektiv støyter saman. Bytestein er filma og fotografert ved ulike stader og fornminne. Mellom anna; steingardane på Jæren, gravhaugane på Ræge, konglomerat på Solund – og steinur i Sørfjorden.

Kl. 16.00 Musikk/ taffell 

 

Kl. 17.00 PLIKT OG FRIDOM:

Plikta til å drive jorda og til å halde slektsgarden i hevd har stått sterkt i uminnelege tider. Som ære, men óg som slit. Men kva skjer når det yngste skotet på slektstreet vil noko anna enn å vidareføre jordbruksarven? Plikt er eit ord som går dårlig i lag med den moderne tanken om stadig sjølvrealisering. Korleis ser ein slik spagat ut?

 

«Eg skal flytte heim for å ta over garden, ikkje fordi eg vil, men fordi eg føler at eg burde ville» fortel karakteren i Marianne Clementine Håheims bok «Plikt». Vi følgjar ein ung mann, som flyttar heim til garden han vaks opp på. Han trer på seg farens fjøsdress, og trakkar samstundes inn i eit einsamt liv.

Tormod Haugland har i ei rekkje bøker tematisert reisa frå landet til byen – og samstundes kvalane som kjem med å forlate garden ein har vakse opp på.

Vi har invitert dei to forfattarane til samtale. Dei dykkar ned i temaet plikt. Finst det fridom i å velga plikta, eller finst han i å velge vekk?  Samtalen vert leia av Elise Winterthun.

 

Kl. 18.30 ERLEND NØDTVEDT

Erlend Nødtvedt har gjennom både poesi og prosa nytta vestlandet som åstad for utførlege undersøking av språk, menneske og historie. Enten vi føl ein ung Ibsen, eit bedrukkent tospann på veg mot Lærdal, eller ei hulder i Bjørgvins gatar, er språket frå Nødtvedts hand lærd og vitalt.

 

I Nødtvedt si seinaste bok, «Mordet på Henrik Ibsen», blir lesaren nærare kjend med den unge Ibsen, og hans tid i Bergen. Det er vått og grått – men ikkje kjedeleg av den grunn. Kritikarane har unisont hylla boka, og konkurrert om å le høgast. Boka er skildra som «ei bergensk latterbombe» og «den morosamaste boka som er skrive”.

Nødtvedt kjem til Sentralbadet for å snakka med Tora Sanden Døskeland om kva plass vestlandet har i hans forfattarskap, og om kva som skjer i det myter, historie og samtid brakar samen i litteraturen.

 

Kl. 20.00  VESTLANDSVEG-SHOW

Halvor Folgerø har skrive boka «Vestlandsvegar» – og kjem til Odda med eit aldri så lite veg-show! Gjennom ville historiar, morosame anekdotar og bilete av vegane som vestlendingane både elskar og hatar, formidlar Folgerø det som bind vestlandet saman: Dei samle, svingete og farlege vegane.

 

Folgerø tek oss med på ei reise tilbake i tid og på utsida av tunnellane, til både berykta og berømte vegar. Han fortel historia om då vegane vart bygde, men minst like viktig er forteljinga om korleis det var å leve med slike vegar.