Nyheter

VERDAS POESIDAG PÅ LITTERATURHUSET

Torsdag 21. mars er det verdas poesidag, og vi inviterer til Poesiprat om norsk poesi på litteraturhuset. Poetane Cecilie Løveid, Fredrik Hagen og Katrine Heiberg møtest til samtale og opplesingar.

Der ein stadig snakkar om kva som pregar norske romanar, til dømes verkelegheitslitteratur og sjølvbiografiske aspekt, er det sjeldan same offentlege samtale kring poesien. Kva kjenneteiknar den norske poesien i 2019, og dei siste tiåra? Kva for poetar og måtar å skrive på har vore mest dominerande her til lands, og kven har inspirert dei tre poetane i panelet? Kva for dikt skriv dei sjølv?

Cecilie Løveid debuterte med «Most» i 1972, og har sidan den gong utmerka seg som ein av Norges aller fremste diktarar. I år kjem dikta 1968-2000 ut i samla utgåve.

Odda-oppvaksne Fredrik Hagen debuterte i 2017 med «Jeg kom plutselig til å slutte å tenke på deg», og har sidan haldt eit høgt produksjonsnivå. Tredje samling, «Han ligner en måte å sove på», er ute i desse dagar.

Katrine Heiberg debuterte i 2018 med «Det gule bladet, den svarte pupillen», som av mellom andre Klassekampen vart framheva som ein av årets aller sterkaste diktsamlingar.

Samtalen varer i ein time. Det blir opplesingar undervegs. Velkommen!

CC: 100,-.

KJØP BILLETTER.