
Ventestuo på Sentralbadet i sommar!

Stiftelsen Sentralbadet litteraturhus har leigd ut lokala til Fatima Shadjanale i sommar, slik at ho kan drive sitt komande kafékonsept Stuo hos oss. Vi gler oss til ein sommar med god stemning.
Stuo (som er planlagd i Eitrheimvegen 5) får ikkje opne før over sommaren, dermed blir det Ventestuo på Sentralbadet i sommar.
Med denne løysinga kan vi alle glede oss over at Sentralbadet kjem til å vere ope kvar dag gjennom sommaren, det blir liv på Lindeplassen og i Odda sentrum.
For Sentralbadet er dette ei god løysing. Ein av konsekvensane av koronanedstenginga det siste året, er at vi har mista funksjonen dagleg leiar, og har ein veldig liten stab til å drifte huset. Vi hadde eigentleg plan om å halde ope Siderstove i helgene i sommar, som vi har gjort dei siste sommarane. Då denne mogleheiten dukka opp, var styret skjønt einige om at dette var ei god løysing for både huset og for Odda sentrum.
Vi kjem til å drifte som normalt (med SFO, quiz, og møteverksemd) til og med Hardanger Internasjonale Siderfestival i veke 23, og kjem tilbake igjen medio august.
Ventestuo opnar fredag 18. juni. Lykke til, Fatima!

