«Vårherres krigarar. Putin og Trump»
Tidlegare sjefsredaktør Helge Simonnes kjem til Sentralbadet litteraturhus med eit aktuelt føredrag om politikk og krafta i språket, tysdag 30. januar. Eit samarbeid mellom Sentralbadet og Den norske kyrkje.
Det er ingen dristig spådom at Donald Trump og Vladimir Putin vil dominera det internasjonale nyheitsbiletet i 2024. Kort tid etter to-årsdagen for invasjonen av Ukraina, er det val i Russland. Alt tydar på at Putin kjem til å bli attvald i mars. Trump er klar favoritt til å bli Republikanarane sin kandidat ved presidentvalet i november. I april og mai vert det halde val i verdas største demokrati, India.
Fellesnemnaren for desse tre landa, er at religion vil spele ei særs viktig rolle ved vala, og at landa har stor innverknad på resten av verda. Den russisk-ortodokse kyrkja har vore ein iherdig støttespelar av Putin si krigføring i Ukraina. Allereie i 2012 uttala patriark Kirill at Putin sitt leiarskap i Russland var eit resultat av eit «Guds mirakel».
I USA er den kyrkjelege støtta til Trump framleis påfallande sterk, til trass for alle rettssakene og skandalane rundt den tidlegare presidenten. Påstandane om at valet i 2020 vart stolen, lever i beste velgåande, saman med sterke konspirasjonsteoriar. Desse har slått rot i mange evangelikale miljø. For mange truande amerikanarar er Trump vald av Vårherre sjølv. Berre med han ved roret, kan landet bli attreist åndeleg, moralsk og økonomisk, vert det hevda.
USA og Russland er ikkje dei einaste landa med politikarar som trekk religion inn i den politiske sfæren. I India er det ein sterk fremvekst av hinduistisk nasjonalisme. Dei pågåande konfliktane i Midtausten er driven av nasjonalistiske og religiøse motsetnader. Recip Erdogan og Viktor Orban nyttar same oppskrift i Tyrkia og Ungarn. Det er ikkje utan grunn at Salman Rushdie har uttala at den største overraskinga i hans vaksne liv, er religionen si fornya kraft i samfunnet.
Tidlegare sjefredaktør Helge Simonnes er forfattar av bøkene Kampen om korset i politikken, Trump, Gud og kirken og Putins hellige krig. Han er fast spaltist i Dagsavisen og er ein ettertrakta føredragshaldar om tema i kryssinga mellom religion og politikk. Han er særleg oppteken av å forklara kvifor politikarar som speler på religiøse kjensler, får eit så sterkt gjennomslag hos mange velgjarar.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Den norske kyrkje og Sentralbadet litteraturhus.
TYSDAG 30. JANUAR KL. 19.00 / Sentralbadet literaturhus, Odda.
Billett kr. 100,-, kan kjøpast her