Nyheter

Valkamp på Litteraturhuset

Litteraturhuset er arena for mange arr. i valkampen: 

MANDAG 19. AUGUST KL. 18.00
Det store samferdselsmøtet før valget

Hordalandsdiagonalen AS, NAF avd. Hardanger, Tizir og Hardanger industri inviterer lokal- og rikspolitikere til samferdselsmøte og veidebatt for E134 med tilstøtende veier.

Hva prioriterer de ulike partiene? Hvilke prosjekter? Ras? KVU?

Til Odda kommer, i tillegg til de lokale partilederne; Tom-Christer Nilsen (H), Magne Rommetveit (AP), Terje Breivik (V), Nils T. Bjørke (SP), Natalia Golis (MDG) og Marianne Sæle (SV).

Debatten ledes av Nils Johan Ystanes.

MANDAG 26. AUGUST KL. 18.00
Debattmøte om lokal klimapolitikk

Klima-utfordringar i Hardanger og nye Ullensvang kommune. Odda er ein stad som har fått føle dramatiske resultat av klimaendringane. Dessutan skal kommunen allereie i 2020 vedta ein klima- og miljøplan. Med dette som bakgrunn inviterer Besteforeldrenes klimaaksjon til ope møte med deltaking frå listetoppar/ leiarar frå samtlege politiske parti. Møtet vil bli streama av Hardanger Folkeblad.

Innleiarar:
Helge Drange: “Kort om globale utfordringar”.
Drange kjem frå Bjerknessenteret for klimaforskning, og er ein av landets fremste klimaforskarar og formidlarar.

Hilde Holdhus: “Målsetningar og innhald i klima- og miljøplanen i Ullensvang”.
Holdhus er leiar av Greensight, Bergen. Ho har brei erfaring som klimaformidlar, og kjenner Odda og Ullensvang godt.

Debattdeltakarar:
Finn Hagen, førstekandidat FrP
Tiril Eiken, ungdomskandidat Senterpartiet
Terje Kollbotn, førstekandidat Raudt
Eivind Tokheim, førstekandidat Venstre
Reidun Haugen Dalseth, førstekandidat KrF
Rachel Tapio, førstekandidat MDG
Roald Aga Haug, førstekandidat Arbeidarpartiet
Inger Marie Himle, førstekandidat SV
Erlend Nævdal Bolstad, førstekandidat Høgre

Møteleiar/debattleiar: Heidi Torkildson Ryste, leiar i Næringshagen i Odda

FREDAG 30. AUGUST KL. 11.00
Smelteverkslunsj august – politikar spesial

Til vår eigen Smelteverkslunsj i august inviterer vi til ein politikar-spesial for å høyre kva våre folkevalde tenker om utvikling på smelteverkstomta. Vi har invitert partia som stiller liste til Ullensvang kommune til å halde eit kort innlegg om kva dei vil gjere for og med smelteverket om dei kjem i posisjon etter valet.

MANDAG 9. SEPTEMBER KL. 20.00

Valvake
Vi inviterer alle partia og andre interesserte til felles valvake i Sentralbadet Litteraturhus. Valsending på storskjerm.