Nyheter

Utstillingsopning: Lars Korff Lofthus, Ølbollerim

Utstillinga er open kvar laurdag mellom 17.00 og 22.00 heilt til laurdag 27. juli.

Laurdag 1. juni klokka 17 blir det opning av utstillinga Ølbollerim av Lars Korff Lofthus, som skal henge i den raude sal i sommar. Det blir presentasjon av utstillinga og velkomstdrink til dei frammøtte. 

Om utstillinga:
Lars Korff Lofthus: Ølbollerim

I denne utstillinga viser Lofthus nye maleri på lerret og papir. Saman skapar dei eit univers der landskap, tradisjonar og menn kjem saman i nye scenario.

Korff Lofthus sitt arbeid kan karakteriserast som ei undersøking av høvet mellom identitet og stad – om posisjonar der ein både er framandgjort og heime.

Han er oppteken av element frå perifer folkekultur og urban populærkultur, det maskuline og det skeive, det historiske og det samtidige, og prøver å lage nye scenario der desse elementa møtast. Lofthus går ofte i dialog med det norske landskapsmaleriet, og finn stadig motiv som historia har gløymt å male.

Utstillinga på Sentralbadet litteraturhus er Korff Lofthus si fyrste maleriutstilling i Hardanger på fem år.

Korff Lofthus har ein omfattande og kompleks utstillingsaktivitet. Sidan 2014 har han undervist ved Kunstakademiet i Bergen med fokus på maleri. I 2017 var Lofthus juryleder for Den Nasjonale Jury for Høstutstillingen. Lars Korff Lofthus (f. 1978) bur og arbeider i Bergen og Hardanger.