
True crime på Sentralbadet
FRA GALGEBAKKE OG SKAFOTT
-
om avretta nordmenn, dommarane og skarprettarane deira
Den lokale forfattaren Bjørn Våde kjem til litteraturhuset i Odda, for å snakka om skikkeleg gamal norsk kriminalhistorie.
I boka «Fra galgebakke og skafott» skriv Våde om forbrytarar og ugjerningane deira, i kriminalhistorier der kjerneelementet er henrettingar i Noreg gjennom historia.
Vi møter kongar, statsmenn og maktpersonar – lagmenn, futar, prestar, skarprettarar og andre aktørar frå den gong, og følger forbrytarane heile vegen til skafottet. Her er drukkenbolter og hardbarka kriminelle, men óg heilt vanlege menneske som tok dramatiske val i pressa situasjonar.
Det er duka for historisk true-crime på Sentralbadet! Våde gjev oss innblikk i eit knippe menneskelagnader og rettssaker, i samtale med Karl Ystanes.
Arrangementet er støtta av Fritt ord og Norsk Kulturråd.
Billettar på Ticketco: https://litthusodda.ticketco.events/no/nb/e/bjoern_vaade_fra_galgebakke_til_skafott
