TOM ROGER AADLAND: KONSERT 29. SEPTEMBER
Tom Roger Aadland held konsert på Sentralbadet i Odda torsdag 29. september. Aadland sitt nye
album «Motgift» har hausta strålande kritikkar. «Landets fremste Dylan-tolker leverer noen knallåter
på egen hånd», skriv Aftenposten. Vårt Land kallar albumet «en hestekur mot likegyldighet og
overfladiskhet», Stavanger Aftenblad, «en reseptfri kur mot det vonde». Dagsavisen meiner «det
hadde vært på sin plass at Bob Dylan spilte inn disse sangene på engelsk». Klassekampen omtalar
albumet som «det beste Aadland noen gang har gjort».
Det førre studioalbum hans «Songfugl» fekk også ei flott mottaking, og singelen «Alle dei i ei» blei
mykje spelt på norsk radio. Dei to siste åra har Aadland sine Dylan-gjendiktingar gjort suksess på Det
Norske Teatret i framsyninga «Vikla inn i blått». Dobbeltalbumet «Blondt i blondt» blei kåra til årets
album av P1 Norsk på norsk då det kom ut. Aadland er også kjent som tekstforfattar for Hellbillies,
Vamp og Marion Ravn.
Dylan-gjendiktingane hans har treft mange, og då den nye biskopen i Stavanger blei vigsla, var Dylan
sunge av Aadland det musikalske ønsket hennar og H.M. Kongen blant tilhøyrarane. Han var også
blant dei utvalde artistane i ein NRK-sendt TV-konsert då Dylan fylte åtti. Tom Roger Aadland er
framleis på vegen – og framleis på veg. Han er kjent som ein energisk utøvar med ei spesiell evne til å
formidle innhaldet i ein låt, og har rykte på seg for alltid å levere varene på scenen.
Billettar kjøper du på Ticketco:
https://litthusodda.ticketco.events/no/nb/e/tom_roger_aadland_konsert