Nyheter

Stor og variert aktivitet i venelaget

Sentralbadet litteraturhus sitt venelag er i sving på mange frontar.

Per 1. mars 2020 tel medlemslista til venelaget 125 medlemar (inkl. 19 støttemedlemar). Medlemane er i alle aldrar, og dei jobbar med forskjellege ting både i og utanfor huset.

Den siste tida har fleire vore i sving med både sying og strikking. I andre etasje er ein gjeng i gang med å pusse opp tak, vegger og golv. Utanfor kjem det to nye blomsterbed, som er laga i samarbeid med smedlinja i Odda. I tillegg til maling og generelt vedlikehald, blir det også lagt ned mange timar på kjøkkenet og i baren.

Vi er stolte av alle dei frivillege på Sentralbadet litteraturhus, og vi er svært glad for det gode arbeidet dei gjer.

Vil du bli med i den glade gjengen kan du lese meir på linken BLI MED! i menyen over, eller ringe til Joakim på 99 58 68 95.