Ukategorisert

Stiftelsen Sentralbadet litteraturhus 10 år 6.april!

6.april 2011 vart stiftelsespapira til Sentralbadet litteraturhus signert av grunnleggjarane Marit Eikemo og Frode Grytten. (Førstnemnde fylte 40 år denne dagen!)

Draumen om å utvikle eit litteraturhus i Odda fekk vinger.

Sjå og høyr Frode Grytten sin hyllest til jubilanten.  

Formål
«Stiftelsens formål er å formidle og stimulere til interesse for litteratur, lesing og offentlig
ordskifte gjennom å etablere, eie og drive et litteraturhus i Odda.

Stiftelsen skal gjennom aktiviteter i Sentralbadet litteraturhus, som Litteratursymposium,
seminar, debatter, opplesningskvelder, konserter, utstillinger, skrivekurs, skolebesøk,
leirskole og lignende, inspirere til økt interesse for norsk og utenlandsk skjønn- og
faglitteratur. Stiftelsen skal gjennom litteraturhuset skape en møteplass som skal fremme interesse for
litteratur og ordskifte, lokal industrihistorie, samt være en arena for alle kultur- og
kunstuttrykk.»

Det første styret 

 

Nina Kongtorp, styreleiar.
Marit Eikemo, repr for initiativtakarane
Guri Heftye, fritt oppnevnt medlem
Anne Oterholm, repr. for Forfatterforeningen
Chris Tvedt, fritt oppnevnt medlem
Toralv Mikkelsen, repr. for NVIM
Roald Aga Haug, repr. for Odda kommune.

 

 

Oppussing i rekordfart
November 2010 vedtok Odda kommunestyre å gi Bygg 119 Sentralbadet vederlagsfritt til stiftinga. Samtidig vedtok kommunen å gi 200 000 til stiftelseskapital. Tidlegare hadde Hordaland fylkeskommune gitt 1,5 millionar i støtte til byggetrinn 1. Fritt Ord har til saman gitt 1 500 000 og
Kulturrådets Rom for Kunst har gitt 1725 000. Kulturminnefondet har gitt 650 000 kroner til fasaderestaurering, og Odda mållag har gitt 50 000. Huset hadde på kort tid generert nok midlar til at byggeprosessen kunne starte.

Byggetrinn 1 starta i slutten av juni 2011. RiO (Restaureringssenteret i  Odda) hadde oppdraget. I prosjektet var det óg kalkulert med ein betydelig dugnadsinnsats.

Folk i Odda møtte mannsterke opp for å gi sitt bidrag til realiseringa av litteraturhuset. På dei første, hyppig arrangerte dugnadene kom så mange som 20-30 oddingar for å utføre grovarbeid som riving, meisling, høgtrykkspyling og fuging av fasade osv.

Dugnadene blei administrert av RiO og styreleiar i Sentralbadet Nina Kongtorp. Dugnadsarbeidet genererte eit kolossalt lokalt engasjement for huset. Folk i alle aldrar møtte opp på dei annonserte dugnadene, bretta opp ermene, tok på seg støvmasker og stod på i fleire timar i strekk. Dei intense dugnadsøktene var avgjerande for realiseringa av byggetrinn 1. Dei var ikkje minst viktig for den forankringa huset tidlig fekk blant oddingane. Dei tok raskt eigarskap i det, og ønska å gi eit bidrag.

At huset i så stor grad er tufta på dugnadsarbeid er i seg sjølv unikt, og gir Sentralbadet ein heilt spesiell identitet og lokal forankring, i tradisjonen etter arbeidarsamfunnet huset spring ut frå.

 

Opningsfest 

12. oktober 2011,

Litteratursymposiets opningsdag: Arbeidsfolka rakk akkurat å legge frå seg verktøyet då folk begynte å strøyma til Sentralbadet for å vere til stade på den offisielle opninga av Norges andre litteraturhus.

Kledd i arbeidsklede mingla dei saman med andre oddingar, samarbeidspartnarar forfattarar og symposiegjester som alle var tilstade då huset formelt blei opna av Kulturrådets avdelingsdirektør Vibeke Mohr med kulturminister Anniken Huitfeldt til stades.