Smelteverkslunsj – Ordføraren
3.juni: Sentralbadet litteraturhuset inviterer til ein felleslunsj for aktørar som arbeider på og med bydel Smelteverket, og for dei alle som er opptatt av utvikling på tomta.
Til Smelteverkslunsj i mai (utsett til 3.juni) har vi invitert ordførar Roald Aga Haug for å gje oss ein status på ulike utviklingsprosjekt på Smelteverket.
BAKGRUNN FOR SAMLINGA
Ei kartlegging Odda kommune gjorde viste at det i 2018 var 180 menneske som har smelteverkstomta som sin arbeidstad. Det kjem til å skje mykje i området i åra framover og vi ynskjer styrke fellesskapskjensla og skape ein arena for å møtes. Ein aktør vert presentert kvar samling.
Gratis adgang, sal av lunsj.
Lunsjsamlinga er open for alle interesserte. Tips gjerne ein ven eller kollega.