Siderstove i sommar
Smak deg gjennom eit utval av sider frå Hardanger på Litteraturhuset si SIDERSTOVE kvar fredag og laurdag i sommar. Ope kl. 15.00 – 21.00. (Sjekk datoane vi held ope på plakaten lenger nede).
«Sider frå Hardanger» har fått sin renessanse og er einaste alkoholhaldige drikk med beskytta geografisk nemning. Sørfjorden er eit historisk senter for eple og siderproduksjon. Kvaliteten og marknaden for Sider frå Hardanger er i voldsom vekst.
I tillegg til spesialiteten Siderplanke (smak av fire ulike sidrar frå Hardanger), har vi eit stort utval sider frå Hardanger på flaske og tapp, alle rettar, og vi serverer smårettar av lokale spesialitetar frå Spansteigen gard og Hardanger Nasjonalparkgarden Buer gard.
Hyggeleg uteservering på Lindeplassen og romslege lokale inne.
Velkomen!
Hugs: Hald avstand og vask henda. Hald deg heime om du er sjuk.