Nyheter

Sentralshow 1. april

Sentralshow er ei arrangementsrekkje på Sentralbadet Litteraturhus i Odda, som går av stabelen to gangar i året. Gry Folkvord og Gro T. Kollbotn er vertar i showet, som inneheld både humor og alvor, musikk og dans, og sjølvsagt gode og aktuelle gjester. Håkon Opdal, Maria Pasenau og Tessa Angel Mæhle er kveldens gjester.
På fredag er landets mest ettertrakta pensjonist ein av gjestane: Han vart noregsmeister med Brann i 2004, seriemeister med klubben i 2007, og vinnar av Kniksenprisen som Årets målvakt i 2006 og 2007, Håkon Opdal. Saknar han garderoben? Får han brukt sin målvaktsfilosofi i det nye tilværet sitt? Han er no ferdig med sin plan A i livet, kva er plan B?
I tillegg kjem det heitaste namnet på samtidskunstscenen akkurat no: Maria Pasenau. I 2019 kjøpte Nasjonalmuseet inn seks av verka hennar, og ho vart den yngste innkjøpte kunstnaren der nokon sinne. I desse dagar er ho aktuell med utstillinga «The Odder Erotica» på Trafo kunsthall, som mellom anna speglar hannar oppleving av sin nye heimstad Odda. Med seg har ho Tessa Angel Mæhle, ein ekte vagabond som mellom anna har vore kunsttransportør i Berlin. For fem år sidan tok ho eit drastisk val: Ho solgte leilegheiten sin i Oslo og kjøpte eit gamalt gardsbruk på Nedre Børve for å etablere og drive eplegarden Tessas apple farm.

Har kunst og fotball eit felles samfunnsoppdrag? Kva er det med Hardanger som gjer at folk vel å busetta seg her? Gry og Gro gler seg til å preike om stort og smått med desse spanande gjestene. Litteraturhuset er ope utover kvelden, med stort utval av lokal drykk, deilige drinkar og god stemning med DJ Sterk. Det er endeleg lov å danse igjen!