Ukategorisert

Sentralbadet litteraturhus søker dagleg leiar

Sentralbadet er snart ferdigrestaurert som moderne kulturhus midt i Odda, og vi søker etter dagleg leiar som kan utvikle drifta.  

Stiftinga har sidan 2011 bygd opp huset, i stor grad på dugnad, dei siste åra med løna stab. Etter 12 år med oppussing er det gamle garderobeanlegget på Smelteverket no eit velutstyrt hus over to etasjer, med fleire salar, kjøken, bar og kontor.

Som dagleg leiar vil du jobbe for å realisere våre formål og utvikle Sentralbadet vidare som regionalt kulturhus. Odda i Hardanger er ein liten by med stor vekst og store satsingar innan industri, reiseliv, mat og kultur. Vi er tett på mykje av det som skjer på kulturfeltet i indre Hardanger. Stiftinga har noko offentleg driftstilskot, men eigeninntening er viktig for å understøtte drifta. Potensialet er stort. 

Dagleg leiar får ansvar for å utvikle vårt eige program og innhald, i samarbeid med ein entustiastisk gjeng i stab, styre og venelag. I tillegg til eigne program og prosjekt, driv vi med utleige av lokale til seminar og møte, konsertar, private selskap og kulturarrangement. Du får jobbe tett på festivalane vi er arena og samarbeidspart med: Litteratursymposiet, Hardanger Internasjonale Siderfestival, Hardanger Spillfestival, Jernrosa m.fl.

Kvalifikasjonar
Dagleg leiar for Sentralbadet må vere allsidig, og ideelt ha eit breitt spekter av eigenskapar. Vi ynskjer ein dagleg leiar med erfaring innan administrasjon, som kjenner godt til kulturlivet generelt og litteraturfeltet spesielt, som har eit breitt nettverk, kan utvikle prosjekt og drive søknadsarbeid, og som samstundes er eit “arrangørhovud” som like gjerne er med og sjauar der det trengs.

Oppgåver
Drifte utleige av lokala
Vertskap
Økonomi- og personalansvar
Representere Sentralbadet overfor offentlegheita, bevilgande myndigheiter og samarbeidspartnarar
Planleggje og gjennomføre arrangement i lag med stab
Informasjonsarbeid
Søknadsarbeid
Utvikle bruken av dei nye lokala i 2. etasje 

Vi kan tilby
Eit godt arbeidsmiljø med entusiastisk stab og venelag med stor kjærleik for huset
Frihet til å forme stillinga og påverke retninga for utvikling
Fagleg og personleg utvikling
Stor tilgang til å delta på kulturelle opplevingar
Konkurransedyktig løn og pensjonsavtale
Inntil 100 % stilling

Innhald og omfang av stillinga kan diskuterast

 

Meir om oss / vårt formål
Formålet til stiftinga er å formidle og stimulere til interesse for litteratur, lesing og offentlig ordskifte gjennom å etablere, eige og drive eit litteraturhus i Odda. Stiftinga skal gjennom aktivitetar i Sentralbadet litteraturhus, som Litteratursymposium, seminar, debattar, opplesingskveldar, konsertar, utstillingar, skrivekurs, skulebesøk, leirskule og liknande, inspirera til auka interesse for norsk og utanlandsk skjønn- og faglitteratur.

Stiftinga skal gjennom litteraturhuset skape ein møteplass som skal fremma interesse for litteratur og ordskifte, lokal industrihistorie, samt vere ein arena for alle kultur- og kunstuttrykk. 

Kontaktperson
styreleiar Ingvild Ystanes / tlf. 48 00 39 58 

Søknadsfrist
4. desember

Send søknad med cv til sentralbadetlitteraturhus@gmail.com