Nyheter

Sentralbadet litteraturhus opnar igjen!

Etter ein fin sommar med VenteStuo i Sentralbadet, er vi glade for å ta over huset igjen og ynskje velkomen til haustsesongen!

 

Torsdag 26. august er det tid for haustens første litterære arrangement: Skjermen fangar: Brochmann og Ravatn om livet foran skjermen. Med korona, heimekontor og vindrikking på Facetime, er det grunn til å anta at skjermtimane har nådd hittil uante høgder blant det norske folk i alle aldrar. Arkitekt og skribent Gaute Brochmann har skrive sakprosaboka «Digitale prøvekaniner» om Ipad-skulen og små skjermslavar. Agnes Ravatn har lenge interessert seg for internettbruk og timane tapt foran skjermen og møter Guro Kvalnes til samtale: Kva gjer eigentleg skjermen med konsentrasjonen vår, kjenslelivet vårt og kreativiteten?

Same veke starter vi opp igjen med våre faste konsept: Smelteverkslunsj, fast lunsjsamling siste fredag kvar månad. I august får vi høyre om parkplanane på Smelteverket som kommunen jobbar med. Kvar fredag er det SFO for vaksne: Sentralbadets fritidsordning (for selskapssjuke vaksne). Ein open møteplass og bar, med servering, og spel og aktivitetar for dei som vil det.

Venelaget til Sentralbadet tel omlag 100 personar i alle aldrar. Dei er med og drifter huset, og har fast lesesirkel første torsdag kvar månad, her er det plass til fleire. Venelaget har og fast strikkeklubb, og møtes torsdag formiddagar.

I september blir det Quizcup,  valdebatt og valvake, programslepp for Litteratursymposiet og Forskarnatt: om fred og konflikt, i samarbeid med Kraftmuseet.

Oktober starter med visekonsert om Erik Børli ved Erik Lukashagen, før årets høgdepunkt: Litteratursymposiet i Odda, 6. – 10. oktober. Vi skal feire 10-årsdag for Stiftelsen Sentralbadet litteraturhus og inviterer til heilhusfest!

Utleigemarknaden er framleis svært rolig, men dei komande helgene skal det feirast namnefest, konfirmasjonar og åremålsdagar hos oss. Skal du feire eller arrangere nokon, kan vi hjelpe. Parallelt med arrangement og aktivitetar, renoverer vi dei resterande deler av huset, og håper vi snart kan nærme oss ferdigstilling.

Velkomen til ein innhaldsrik haust hos oss. Med dans, litteratur, musikk, mat og sider.