Nyheter

Sentralbadet litteraturhus lanserer ny satsing for 2025: Motstandskraft!

Djup fred har blitt avløyst av krig, ustabile politiske leiarar, klimakrise og eit internett som har gått amok. Trusselbildet er meir alvorleg enn på lang tid. Demokratiske grunnverdiar er i spel. Samtida kjennest farleg, usikker og kaotisk.

Sentralbadet litteraturhus har sett seg føre å undersøka rolla til kultur og kritisk tenking som ein del av beredskapen. Kulturen er samtalane vi deler, prinsippa vi handlar etter og fellesskapen vi ønskjer å bevara. Handlar beredskap vel så mykje om kva ein har mellom øyrene, som kva ein har i kjellaren?

Litteraturhuset i Odda tar opp ballen, og svarar på både regjeringa si Totalforsvarsmelding og Kultur- og likestillingsdepartementets strategi for å styrka  motstandskrafta mot desinformasjon. Vi vil ta samtalen om kva rolle kulturen, kritisk tenking og debatta spelar i vår felles motstandskraft.

For oss er det sjølvsagt at det nettopp er i Odda vi skal ta samtalen om kva motstandskraft fellesskapet representerer. Med fjellsider som rasar, essensiell infrastruktur for kraftproduksjon og ei diskusjonslysten befolkning, er Odda ein stad der beredskapstenking alt er kvardagskost.

Vi hentar heim kloke Odda-hovud for å tenka høgt om vår mentale beredskap i fred, krise og krig. I løpet av hausten inviterer vi viktige stemmer frå sikkerheitspolitikken, kultur – og justisfeltet. Korleis skal vi som befolkning møta stadig nye trusselbilete?

Motstandskraft-serien startar opp med arrangementet “Sett krisestab”  2. oktober i Odda – der programvert Hedvig Moe inviterer Ida Melbo Øystese (politimester i Oslo politidistrikt) og Knut Olav Åmås (direktør for Fritt Ord) til innleiiande samtalar om kva trusselbilde står vi overfor, og korleis befolkninga på best mogleg vis kan bygga motstandskraft i turbulente tider.

Utover høsten følger vi på med fire nye arrangement på huset, om de-radikalisering, medieoffentlegheit, lokal beredskap og lesekrise. Tonegjevande stemmer som Anine Kierulf, Jette F. Christensen, Knut Olav Åmås, Hedvig Moe, Ida Melbo Øystese og Håkon Opdal er alt stadfesta.