
Over 3000 timar frivillighet!
5. desember var frivillighetens dag. På Sentralbadet litteraturhus er kvar dag frivillighetens dag. I 2019 har til no 3000 timar dugnad blitt lagt ned. Det er i snitt 8 timar kvar einaste dag, året gjennom!
120 gode folk er med i venelaget til huset. Nokon er der kvar veke, andre ein gang i året.
Venelaget bidreg sterkt til drifta av huset, gjennom å vere vertskap på arrangement, gjere innkjøp, rigge og stå i bar, samt med oppussing og vedlikehald av huset, Utan frivillighet stoppe Norge, seies det. Vi kunne ikkje vore meir einig. Hurra for frivillighet og takk til alle gode hjelparar!
Å vere frivillig i venelaget er kjekt og sosialt. Har du lyst til å vere med i gjengen? Send ein epost til dagelg leiar joakim Sørå: joakimsora@gmail.com

