
Ove Danielsen til Sentralbadet Litteraturhus 8. desember!
For åtte år sidan hadde Danielsen ein konsert med same navn på Formannshuset i Odda. Då var det to år siden han hadde flyttet fra Odda til Hjelmås i Nordhordland. No er det gått 10 år og Odda er fortsatt «HEIM». Som Hjelmås er det, og som andre stader han har budd. Heim er der ein kjenner seg heime og velkomen. Temaet for denne julekonserten er ulike nyansar av HEIM. Ikkje alle gleder seg til advent og jul. Nokre lengtar etter kvardag og stillheita som fylgjer i dagane etter nyttår. Danielsen har stundom kjent på dette. Songen «Syng meg heim» gjorde han ein innspeling gav i 2008, i lag med Christel Stub. Denne kvelden vil du få høyre både tradisjonelle og nyskrevne julesongar, i personlege arrangement. Ove og keyboardet.
«Alltid dreg eg ut men lengtar heimatt. For eg veit at det er godt å høyre til. Ja, eg veit det fins ei hamn og eg trur det er dit eg lengtar, etter det å koma til ein open famn.»
Vi lengtar ofte til ein annan stad enn der vi er. Vi lengtar til jul, og så vart ho ikkje alltid slik vi hadde tenkt. Denne kvelden er i lengsel, melankoliens, håpet og lysets teikn, der det er plass til alle kjensler.
Ein hemmeleg gjest stikk innom og gjer eit par låtar i lag med Danielsen. Elles vil han fortelja om sine 40 år med song og musikk. I det året han fyller 50 år er det rom for refleksjon og ettertankte. Det jula representerer av håp og lys kjem til syne i songane han syng. Songane får vera «den opne famna» vi treng i tida før jul. Det vil vera open bar på Litteraturhuset, og dørene opnar ein time før billettsalg og bar.

