Historie

Milepelar for Sentralbadet litteraturhus.

  • 1908 – BYGNING NUMMER 119

    Industrien kom til Odda like etter århundreskiftet. Kalsiumcyanamidfabrikken i Odda reiste jugend-bygget, som vart brukt som lager for cyanamiden, sidan verkstad og smie.

  • 1937 – SENTRALBAD

    Huset vart bygd om til fellesgarderobe og bad for arbeidarane på smelteverket. Arbeidarane (og truleg konene) var misnøgde med at det ikkje var vaskemoglegheiter for arbeidarane ved fabrikken.

  • 2003 – ODDA SMELTEVERK KONKURS

    Philip Brothers takker for seg og bustyrarane sit igjen med tomta. Ein del går til Kina, noko blir freda, noko blir verna. Debatten går i Odda.

  • 2008 – LITTERATUREN KJEM

    Oddaforfattar Marit Eikemo tek initiativ til å ta vare på huset gjennom å etablere eit litteraturhus. Litteratursymposiet var blitt for stort for sine hus. Saman med Frode Grytten får Eikemo etter kvart opsjon på bygget og overtek huset frå Odda kommune vederlagsfritt og med stiftingskapital på 200 000 til å etablera Stiftinga Sentralbadet Litteraturhus.

  • 2011 – SENTRALBADET LITTERATURHUS

    Noregs andre litteraturhus opnar i Odda. Fungerande direktør i Kulturrådet, Vibeke Mohr, sto for opninga då under Litteratursymposiet i oktober, etter strålande innsats frå entreprenørar og dugnadsfolk på rekordtid.

  • 2014 – VENELAG

    Det finst ingen midlar til drift og huset verker mest som utleigearr. dei første åra. I 2014 vart venelaget til Sentralbadet stifta.

  • 2015 – NYE ROM

    Vi tek i bruk ny etasje! Etter tilskot frå fylket og kommunen kom heis til 2. etg. og meir ventilasjon. Under Litteratursymposiet var det arrangement oppe og kafé og boksal nede.

  • 2016 – STYRT UTVIKLING

    Ved årsskiftet gjekk styret for stiftinga samrøystes inn for styrt utvikling. I løpet av våren har huset husa ein svært vellukka litterær dugnad, møte, selskap og konfirmasjonar. Vi har fått tilskot frå Kulturrådets Rom for kunst til investeringar i utstyr, pengar frå Fritt ord til litterært program, og blitt ein av dei utvalde i Sparebanken Hjartebank for Hardanger. Det går godt.