Nyheter

Nye rundar med Quizcup i 2020

Det er gledeleg å meddele at det også blir Quizcup i 2020.

Quizcup i Odda blir i 2020 arrangert for tredje året på rad. Cupen blei starta opp av Joakim Sørå i 2018. I 2019 ga Sørå frå seg quizvert-rolla til Erik Løland, som også i 2020 skal leie quizen.

Quizcup i Odda er fire kveldar med allmenn quiz i løpet av 2020. Quizlaga tek med seg poenga frå runde til runde, og laget med mest poeng etter den siste runden er vinneren. Eit lag kan stille på så mange runder dei vil. Det er ikkje eit krav at ein må stille på alle rundane. Eit lag kan maks ha seks deltakarar.

Første runde går på Nye Iris scene onsdag 8. april kl 21.00.
Andre runde vert arrangert på Litteraturhuset fredag 5. juni kl 21.00.
Treje runde går også på Sentralbadet litteraturhus. Denne gongen er det fredag 4. september kl 21.00.
Fjerde og siste runde går av stabelen på Nye Iris scene fredag 6. november kl 21.00.

Les meir om Quizcup i Odda på www.quizcup.no.