Nyheter

Nesten 9000 besøkande på Litteraturhuset.

På årets siste dag har vi talt opp antall arrangement og besøkande på Sentralbadet litteraturhus.

Det er kjekt med mykje aktivitet og vi er glade for at det er så mange som vil bruke og besøke Sentralbadet.

Totalt har det vore 8914 besøkande på dei 200 ulike arrangementa på huset. 106 av arragementa har vore utleigearrangement. Vi har hatt 65 eigne arrangement og det har vore 29 samarbeidsarrangement der andre aktørar har vore inne å arrangert saman med Sentralbadet litteraturhus. Odda barneskule, Siderfesten, Blueslaget, OddArt, Roar Brekke, Kraftmuseet, Litteratursymposiet, Hardanger spillfestival, Odda by, Hardanger folkeblad, Skare bygdekvinnelag og Ullensvang reiseliv er eksempel på aktørar vi samarbeider med. Det å samarbeide er spennande og skaper variasjon på Litteraturhuset, felles for alle aktørane er at dei er positive og løysingsorienterte. Det er svært inspirerande.

Vi har også eit samarbeid med Iris scene rundt Quizcup i Odda. To av rundane går på Iris og to rundar vert arrangert på Litteraturhuset. Det er gode kveldar. Takk til Erik Løland som lagar quizane.

Vi trur på samarbeid og at ein kan få utvikling til å skje saman. Litteraturhuset har gode lunsjleveringar til kurs og konferanse frå Trolltunga lille bakeri. Det har også ved nokre tilfeller blitt levert mat frå Bokko. Vi kan gjerne variere og mat kan bestillast frå fleire stader, for eksempel Iris. Så viss Iris vil, er vi ein mogleg kunde.

Med dette vil Sentralbadet litteraturhus takke for 2019. Ein spesiell takk går til alle dei frivillege på huset. Med over 3000 dugnadstimar i år er det berre å ta av seg hatten for den solide innsatsen.

Vi ser fram til eit spennande 2020 med nye arrangement, etablerte og nyetablerte festivalar, skulebesøk, kurs og konferanse og mykje moro.

Godt nyttår!