Nyheter

Nasjonalkjensla

Kven er inkludert i eit felles vi, og kva betyr det eigentleg å vere ein nasjon? Med nasjonaldagen tett på inviterer vi forfattar Maria Horvei til oss på litteraturhuset i Odda.

I boka «Gratulerer med dagen» – får lesaren innblikk i livet i ei lita vestlandsbygd, på sjølvaste nasjonaldagen. Mellom barnetog, bringklutar og betasuppe på bedehuset blir det spurt både direkte og indirekte: Kven er vi, og kva er det vi feirer når vi feirer nasjonaldagen i ein moderne kontekst?

Horvei kjem til Sentralbadet for å snakka om boka, nasjonalkjensla – og bygdeliv på vestlandet.

Vel møtt til ei litterær og artig oppvarming til sjølvaste nasjonaldagen.

Arrangementet er støtta av Kulturrådet og Fritt Ord.

Billettar: https://litthusodda.ticketco.events/no/nb/e/nasjonalkjensla