Mur, far og dotter på Sentralbadet
SENTRALBADET LITTERATURHUS kl. 19.00 – TORSDAG 23. MARS
Tørrmuring er ein av dei aller eldste byggjeteknikkane til menneska, og har lange tradisjonar i Noreg. Du ryddar marka, fjellsida eller åkeren fri for stein og nyttar han til å byggje gjerder, bakkemurar, hus, bruer, vegar. Utan mørtel, berre stein, heilt tørt. Det er både berekraftig og miljøvenleg.
I bokprosjektet “Mur, far og dottar” er arkitekten Kjersti Aase Winjum læresvein, og far Haakon Aase læremeister. Aase er kanskje Noregs fremste tørrmurar, og i Oslo sit dotter hans og kjenner på eit ansvar for å ta vare på arven etter faren. Saman murer dei ein støttemur på garden hans. Handlingsbåren kunnskapsoverføring er den raude tråden.
Far og dotter kjem til Sentralbadet for å snakka om det gamle handverket og korleis gamal kunnskap kan brukast i ei ny tid.
Velkomen til ein innhaldsrik kveld om mur og mykje meir!
Billettar: https://litthusodda.ticketco.events/no/nb/e/mur_far_og_dotter