Nyheter

Hausthygge: lesesirkel og strikkekafe på Sentralbadet

Den siste torsdagen kvar månad er det strikkecafe frå kl. 18-20, og lesesirkel frå kl. 19-20.30 her hos oss. Gruppene kan sitte samla, eller kvar for seg. Uansett er det rom for ei koseleg og sosial stund på Sentralbadet Litteraturhus no når haustmørket setter inn. Arrangementa er i regi av venelaget, dei er gratis og det er berre å møte opp med bøker og strikketøy. Torsdag 28. oktober åpner vi dørene, velkommen!