Nyheter

La det vere folk i setningane: Marit Eikemo og Bjørn Tomren

Velkommen til eit litterært og musikalsk møte mellom Marit Eikemo og Bjørn Tomren!

Som siste arrangement på litteraturhuset før julefreden senkar seg, byr vi på ei utgåve av «La det vere folk i setningane», som Eikemo og Tomren framførte under symposiet – og med ein litt annleis vri.

Eikemo les tekstar som dannar ein raud tråd gjennom hennar forfattarskap, og Tomren syng kjende popsongar som er sentrale omdreiningspunkt for dei begge.

Ingen som har hørt Bjørn Tomren synge, vil nokon gong glømme det. Med si gudebenåda stemme tolkar han så vidt forskjellige artistar som Elvis, Whitney Houston, Jim Reeves og The Supremes, for å nevne nokre. I tillegg er han kjend for sin spektakulær strupesong og jodling.

I haust gav han ut si første soloplate: Bad Science Fiction. Marit Eikemo frå Odda har gitt ut fem romanar og ei essaysamling, og er i haust ute med novellesamlinga Hardanger – til stor merksemd.

Velkommen til ein stemningsfull stund i gode venners lag!

Billett: 100 kroner, kan kjøpast på Ticketco eller i døra så langt det rekk.