KULTURELL KAFFE: ER KLASSISK MUSIKK SÅ VANSKELEG?
Mange har eit anstrengt forhold til klassisk musikk – det kjennes komplisert og vanskeleg. Men treng det vere så vrient?
Annabel Guaita har lang erfaring som pianist, og held utsolgte lytteverkstader som Lyttelos på Litteraturhuset i Bergen og Bergen Filharmoniske Orkester. Ho gir oss ei innføring i den klassiske musikken si magiske verd.
Kva skal vi lytte til, når vi høyrer eit klassisk stykke? Kva er det ved musikken som rører ved kjenslene våre? Er det eigentleg nokon forskjell når stykket blir framført av ulike musikarar, og korleis høyrer vi kva som er ei «god» framføring?
Stykket vi skal ta utgangspunkt i, er Beethovens mest spilte klaverkonser, kalt «Keiserkonserten»: Klaverkonsert nr. 5 i Ess-dur opus 73; 1. sats.
Billett kan kjøpast på forhånd eller i døra. Etter foredraget, kl 14, spelar Odda Jazzensemble på Iris. Det blir altså ein laurdag i musikkens teikn på Lindeplassen.
Velkommen!