KRAFTDAG: Er du interessert i kraft og konsesjon, straum og samfunn, natur og litteratur?
Velkomen til Sentralbadet litteraturhus 1. april!
Presentasjon av Gro Holm sitt liv og virke v/ Brita Jordal og Gro T. Kollbotn (Kraftmuseet)
Foredrag om De hvite kull v/ professor i nordisk litteratur, UiB, Eirik Vassenden
Presentasjon av nettsida Kraftlandet
Strid om det rennande vatnet er på ingen måte ny. I boka De hvite kull (1936) skriv oddaforfattaren Gro Holm (1878 – 1949) om korleis bygdefolket føler seg lurt då dei skjønar verdien på vassrettane dei har seld.
Litteraturprofessor Eirik Vassenden har tørka støv av romanen, som har eit persongalleri som omfattar både kyniske bergenske advokatar, franske kraftspekulantar og naive bønder.
Vi avsluttar arrangementet med ein presentasjon av innhald, og korleis navigera seg på nettsida kraftlandet.no.
Her er historiar om vassrettar, anleggsarbeidarar, vatn som nasjonsøkonomisk ressurs, nasjonal kontroll – eller manglande kontroll, over naturrikdomane. Sida er laga av Kraftmuseet, Anno museum, Norsk Skogmuseum og Norsk Vassdrags- og Energidirektorat (NVE).
Med stigande straumprisar og problematikken om utbygging sett opp mot naturvern er det høgaktuelle tema som vert trekt fram denne dagen.
Billettar: https://nvim.
Det vert pausar, og kaféen er open. Vel møtt!