Kjørte frå Sauda til Litteraturhus-konsert
Programmet for vårhalvåret 2020 starta med Erik Lukashaugen som hadde tonesatt diktaren Hans Børli.
Det blei ein stemningsfull konsert i den raude sal der Lukashaugen tok lyttarane med langt inn i Finnskogen, akkompagnert av Tarjei Nysted på fele, nøkkelharpe og mandolin.
Dei som truleg hadde reist lengst for å få med seg konserten var Liv Kari Solli og Bjørn Ljung. Paret hadde kjørt i vel 2,5 time frå Sauda.
Begge to har eit sterkt forhold til Hans Børli sin lyrikk, men dei la heller ikkje skjul på at dei trivast i Odda. Liv Kari kunne fortelle at dei hadde vore på Litteratursymposiet fleire gongar, ein festival dei begge var svært imponert over.
Av «Odda-favorittar» kunne dei to trekke fram «Bikubegang» under Symposiet, og forfattaren Lars Ove Seljestad.
Litteraturhuset sett pris på alle besøkande, og ekstra moro er det med besøk langvegsfrå. Vi ønsker Liv Kari og Bjørn god tur heim, og velkommen igjen – kanskje allereie til Jernrosa politisk litteraturfestival i mai, med nettopp Lars Ove Seljestad i spissen.