Ukategorisert

Heimstad, røtter og vandring: Møt Hallgeir Opedal

Laurdag 15. juni er det duka for samtale med Hallgeir Opedal. Hallgeir, som vaks opp i Odda og starta karrieren i Hardanger Folkeblad, har i ei årrekke gjort seg nasjonalt bemerka som journalist og forfattar.

Etter å ha budd i Oslo i 30 år, gjekk Hallgeir I fjor sommar til fots heim til Odda og Hardanger, ei reise lesarar fekk følge i avisa Dag og Tid. I Vinje-ånd havna Hallgeir inn på omvegar og ukjende spor, både geografisk, samfunnsmessig, i sine eigne ungdomsminne og si historie.

Kor er eigentleg heim? Er vi prega av heimstaden vår for alltid, uansett kor langt vi drar ut? Er det annleis å komme frå Odda og Hardanger, enn det er å komme frå heilt andre plassar – som til dømes austlandet?

Til litteraturhuset denne sommarkvelden kjem Hallgeir for å snakke om vandring, røtter, identitet og Odda. Intervjuar er Elise Winterthun.

CC: 100,-

Kjøp billett her