
Heilaften med BRECHT på Sentralbadet
PROGRAMPRESENTASJON LITTERATURYSMPOSIET I ODDA 2022 KL. 18.00
VIGDIS HJORT: Å SKRIVE MED BRECHT KL. 19.00
Korleis skrive, i samtale med alle dei som har skrive før deg? Vigdis Hjort har gjennom fleire bøker vist stor interesse for dramatikaren og forfattaren Bertolt Brecht. Ho kjem til litteraturhuset for å snakka om eiga skriving – og korleis politikk og filosofi konstant siv inn i karakterane sine eksistensielle kvalar i romanane. Korleis ser det ut, når ein tek med seg gamle tankar inn i ei ny tid og ei ny røynd? Vigdis Hjort vil samtale, og lese frå eigne tekstar.
TILBUD OG ETTERSPØRSEL KL.20.00
– Ein musikalsk heilaften med Brecht
Bør verda omorganiserast? Kva er verst, å eige ein bank – eller å rane ein bank?
Gruppa Tilbudogetterspørsel dykkar ned i fleire evig aktuelle politiske spørsmål, med utgangspunkt i tekstane til forfattar og dramatikar Bertolt Brecht.
Brecht ville revolusjonere både teateret og verda, og klarte i alle fall det første. Han har hatt stor betyding for forfattarar og kunstnarar etter han, og kritikken han retta mot samfunnet vil fleire meine er like aktuell i dag.
I denne konsertforestillinga blir Brecht handsama på poetisk og spenstig vis. Vigdis Hjort les, Espein Leite speler trekkspel, Ruth Meyer syng – og Jørn Simen Øverli speler gitar, og har stått for gjendiktinga av dei fleste tekstane som inngår i stykket.
Billett kr. 250,- kjøpes på ticketco
https://litthusodda.ticketco.events/no/nb/e/heilaften_med_brecht

