Nyheter

Hausten på Sentralbadet litteraturhus

Etter ein stille og rar vår, er vi no veldig klare for å opne huset opp for gjester igjen.

ARRANGEMENT
I haust kan vi by på Språksalong og foredrag, forfattarmøte og konsert, Smelteverkslunsjar, quiz, Samlivssalong, og ikkje minst: vi skal vere vertskap for dei to litteraturfestivalane i Odda: Litteratursymposiet i Odda og Jernrosa Politisk Litteraturfestival.

Sjekk ut programsida vår her på nett og hald deg oppdatert!

SELSKAP OG MØTE

Sentralbadet er mykje nytta til møte og selskap. Sjekk ut MøteplassOdda og ta kontakt med oss om du har spørsmål eller vil diskutere muligheter.

KORONA-TILTAK
Med smittevernsbegrensingane som føreligg no, er det avgrensa kapasitet på alle arrangement. Vi møblerer for at alle skal ha ei trygg og god oppleving på Sentralbadet, der det er mogleg å halde avstand til andre gjester.
– Pga. krav om smittesporing ved arrangement må alle gjester registrerast med namn og kontaktinfo. Det må difor hentast ut billettar, sjølv til gratisarrangement. 
– Bordservering.
– Hald 1 meters avstand til andre gjester enn dei du bur med.
– Hald deg heime om du er sjuk.