Nyheter

Grand prix-kveld på Sentralbadet

Som ein kick-off før Pridemånaden kjem, inviterer litteraturhuset, Kraftmuseet og Tysso Pride til Eurovisionfest.

Ei større hedring til mangfald og inkludering skal ein leita lenge etter, så her er det berre å finne fram paljettar, glitter og stas.
Det er ulike meiningar om det norske bidraget «Give that wolf a banana», men vi krysser fingrane for at Subwoolfer kvalifiserar seg til finalen.

Du får utdelt stemmeskjema i døra – her skal det gis poeng for alt i frå melodi, stemmeprakt og styling.

Kvelden vert innleia av eit kort historisk kåseri om Odda si dans- og musikkhistorie.

Vi startar kvelden kl. 19.00. Gratis inngang.

Sendinga startar kl. 21.00.