Nyheter

God jul og godt nyttår!

Gjengen på Sentralbadet ynskjer alle ei fredeleg julefeiring og eit godt nyttår.

Det har vore nok eit år prega av korona, sjølv om vi i haust fekk ein pustepause frå pandemien. Og for ein pustepause det vart! Eit strålande litteratursymposium i attråens navn blei alt vi drøymde om. Den kjensla lever vi framleis på. Vårt fine hus har i tillegg vore vertskap for mellom anna Forskarnatt, danseframsyningar, konsertar, samatalar og ikkje minst bokslepp i løpet av året, så 2021 har definitivt hatt sine gode augneblinkar. Vi fekk gladmelding om godkjend spelemiddelsøknad til ferdigstilling og er klare for å gyve laus på siste deler av huset, og Vestland fylkeskommune støtter oss med driftsmidlar neste år!

Vi vil takke vårt flotte venelag, dei fantastiske frivillige og alle gjestene, både nye og gamle. Utan dykk er vi ingenting. Vårt håp er at 2022 skal bli enno betre, med inspirerande arrangement og sosialt fellesskap saman med kjekke folk!

God jul folkens og takk for det gamle, vi sjåast i 2022!