Nyheter

Gjort på et blunk: Eit stand-up show med Roar Brekke

Roar Brekke fekk seg eit sjokk. Han oppdaga brått at det i haust er 25 år sidan han debuterte som standupkomikar! Eit slikt jubileum burde markeres på eit vis, og dermed denne festkvelden under tittelen «Gjort på et blunk!»
Særleg på vestlandet har hans sjølvironi og treffsikre, gjenkjennelege historiar treft blink. Den fysiske oddingen har besøkt det meste av scener over heile landet; kulturhus, grendahus, festlokaler, oljeplattformar, restaurantar – for å nemne nokre.
På Sentralbadet får du sjå utvalde høgdepunkter frå alle hans opptredenar. Dessutan har han med seg rimsmeden Arne Torget som gjest – og intervjuar. Husnes`eigen poet vil nemleg grave fram historiane du aldri før har høyrd, frå oddingens karriere.

Sidan Arne Torget kjem med splitter ny bok i haust, vert det også smakebiter frå denne.

Med andre ord, ein variert og garantert latterfylt aften på Sentralbadet Litteraturhus.

 

Billettar fås på Ticketco:

https://litthusodda.ticketco.events/no/nb/e/roar_brekke