Nyheter

Gåver frå SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad

Tysdag 19. november mottok Stiftelsen Sentralbadet litteraturhus til saman kr. 206000,- frå SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad.

Prosjekta Litteraturhuset har fått pengar til heiter:
– Lydanlegg til lag og organisasjonar i Odda & omegn (kr 160000,-)
– Mobil scene til bruk i Odda (kr 46000,-).

Ideen bak dei to prosjekta er at Litteraturhuset skal oppbevare og bruke både lydanlegg og scena, men at spesielt lydanlegget skal kunne leigast eller lånast ut. Scenen kan også leigast eller lånast ut til innandørs bruk.

Vi vil med dette takke SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad for dei fine gåvene.

Foto: Daniel Morso.