Nyheter

Forestilling: Babettes gjestebud

Babettes gjestebud er ein av dei store humoristiske og djuptgripande novellene av den danske forfattaren Karen Blixen (1885-1962). Den kom ut i samlinga Skjebneanekdoter i 1958.

Babette er flyktning frå Paris. Ho kjem til eit lite bygdesamfunn i Norge, og blir innlosjert hjå to vaksne ugifte og strengt pietistiske søstre. Her blir Babette kokk, og lærar å lage velling, kålrotstappe og potetklubb. Søstre formanar henne om at «mat er kun for å gi næring, ikkje for nytelsens skuld». Babette blir hos søstrene i 14 år. Men før ho kom til Norge var ho kjøkkensjef på ein av dei mest eksklusive restaurantane i Paris, noko søstrene ikkje veit.

Skodespelar Gro Ann Uthaug har tilrettelagt novella for scenen. Ho framfører stykket åleine og spelar heile 9 ulike roller i den timen forestillinga varer. Regi er ved Einar Dahl, og produksjon ved Tema Teater. Sidan premieren i august har Babettes gjestebud , mellom anna på eit utsolgt Sigrid Undsets hjem på Bjerkebæk. No kjem stykket til Odda og litteraturhuset, laurdag 30. november klokka 19.

Velkommen!

Billett kostar 100,- og kan kjøpast på Ticketco eller i døra så langt det rekk.

https://litthusodda.ticketco.events/no/nb/e/forestilling_babettes_gjestebud