Velg visning

Arrangement Views Navigation

I dag

Drikk og teikn med Vilde Takla!

Vi gjentar "Drikk og teikn" som vart ein suksess i november! Er du interessert i å utforska di kunstnariske side i ei avslappa og sosial setting? Bli med på "Drikk og teikn" saman med kunstnar Vilde Takla på Sentralbadet Litteraturhus! “Drikk og teikn" er til for å kombinera gleda ved å skapa illustrasjonar i eit sosialt samvær. Anten du er ein erfaren teiknar, nybyrjar, eller berre nysgjerrig så vil kurset by på ei unik og hyggjeleg oppleving for alle ferdigheitsnivå. Dette passar for alle! Deltakarane får høvet til å eksperimentera med ulike kunstmedium i ein avslappande atmosfære som oppmuntrar til kreative uttrykk i ein sosial setting. Baren er ope for kaffi, te og eit heilt spekter av anna morro! Inngangsbillett / påmelding kostar 150,- og inkluderer alt utstyr som trengst for kurset. Billettar finn du HER Velkomen! Om kunstnar / kursholder Med opphav frå dei naturskjønne fjordane i Hardanger, flytta Vilde tilbake til Ullensvang etter å ha studert design i Bergen i ei årrekkje. Gjennom heile karrieren har ho hatt mange roller. Frå malar, illustratør og skreddar, som alle har næret den djupe kjærleiken hennar for kunst, til forskingsarbeid og feltarbeid med fokus på miljø og berekraft. Ho fullførte ei mastergrad i design ved Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) i Bergen, med vellykka avgang våren 2023. Desse varierte erfaringane har dyrka forståinga hennar for innverknaden til kunsten på kreativitet, samband i verda, og personleg vekst. Vilde jobbar som lærer og designar/illustratør i Hardanger, Ullensvang - som er perfekt plassert mellom to ikoniske nasjonalparka.

«Vårherres krigarar. Putin og Trump»

Sentralbadet litteraturhus Lindeplassen, 5750 Odda,Odda,Hordaland

Tidlegare sjefsredaktør Helge Simonnes kjem til Sentralbadet litteraturhus med eit aktuelt føredrag om politikk og krafta i språket, tysdag 30. januar.    Det er ingen dristig spådom at Donald Trump og Vladimir Putin vil dominera det internasjonale nyheitsbiletet i 2024. Kort tid etter to-årsdagen for invasjonen av Ukraina, er det val i Russland. Alt tydar på at Putin kjem til å bli attvald i mars. Trump er klar favoritt til å bli Republikanarane sin kandidat ved presidentvalet i november. I april og mai vert det halde val i verdas største demokrati, India.  Fellesnemnaren for desse tre landa, er at religion vil spele ei særs viktig rolle ved vala, og at landa har stor innverknad på resten av verda. Den russisk-ortodokse kyrkja har vore ein iherdig støttespelar av Putin si krigføring i Ukraina. Allereie i 2012 uttala patriark Kirill at Putin sitt leiarskap i Russland var eit resultat av eit «Guds mirakel».  I USA er den kyrkjelege støtta til Trump framleis påfallande sterk, til trass for alle rettssakene og skandalane rundt den tidlegare presidenten. Påstandane om at valet i 2020 vart stolen, lever i beste velgåande, saman med sterke konspirasjonsteoriar. Desse har slått rot i mange evangelikale miljø. For mange truande amerikanarar er Trump vald av Vårherre sjølv. Berre med han ved roret, kan landet bli attreist åndeleg, moralsk og økonomisk, vert det hevda.  USA og Russland er ikkje dei einaste landa med politikarar som trekk religion inn i den politiske sfæren. I India er det ein sterk fremvekst av hinduistisk nasjonalisme. Dei pågåande konfliktane i Midtausten er driven av nasjonalistiske og religiøse motsetnader. Recip Erdogan og Viktor Orban nyttar same oppskrift i Tyrkia og Ungarn. Det er ikkje utan grunn at Salman Rushdie har uttala at den største overraskinga i hans vaksne liv, er religionen si fornya kraft i samfunnet.  Tidlegare sjefredaktør i Vårt land, Helge Simonnes, er forfattar av bøkene Kampen om korset i politikken,  Trump, Gud og kirken og Putins hellige krig. Han er fast spaltist i Dagsavisen og er ein ettertrakta føredragshaldar om tema i kryssinga mellom religion og politikk. Han er særleg oppteken av å forklara kvifor politikarar som speler på religiøse kjensler, får eit så sterkt gjennomslag hos mange velgjarar.  Arrangementet er eit samarbeid mellom Kyrkja i Ullensvang og Sentralbadet litteraturhus. TYSDAG 30. JANUAR KL. 19.00 / Sentralbadet literaturhus, Odda.      BILLETT

100NOK

Rossman Solo

ROSSMAN Rossman er artisten som den litt rare tanten din elsker, men som også din lillebror har plakater av på veggene. Med en blanding av viser, rock og americana skriver han seg inn i hjertet til de fleste. En verdig arvtaker av den norske visetradisjonen og blir ofte beskrevet som en rocka Øystein Sunde fra Rogaland, mye på grunn av sine til tider rappkjeftede og humoristiske tekster. Artisten fra Karmøy har vært aktiv på de norske konsertscenene i en årrekke, og begynner nå for alvor å etablere seg som artist, låtskriver og entertainer. Rossman startet sommeren 2020 med det ambisiøse prosjektet om å spille konsert i alle Norges kommuner og har siden det vært en av Norges travleste live-artister. På konsert med Rossman kan du forvente et godt trøkk i stemmen, velskrevne sanger og en god latter! Billettar finn du HER Les mer om Rossman her: www.rossmanmusikk.com Hør musikk her: https://spoti.fi/3wvyMrT

Kjærleik i vikingtida

Kan det vera at vikingane vart motiverte av kjærleik like mykje som ære, rikdom, makt og eventyrlyst? Til valentinsdagen har vi invitert forfattar Dag-Rune Linnerud til å halda foredrag om vikingar og kjærleik. Open kafé og bar. Arrangementet er støtta av Kulturrådet og Fritt Ord. Billettar finn du HER

Susanna synger Gunvor Hofmo med Harald Lassen

Susanna synger Gunvor Hofmo med Harald Lassen “Svært vakker symbiose mellom tekst, melodi og instrumenter.” Morgenbladet I over tyve år har Susanna spilt konserter i inn og utland, og så langt har det blitt atten albumutgivelser. En av prosjektene Susanna Wallumrød har gjort er “Jeg vil hjem til menneskene” med tonesatte dikt av Gunvor Hofmo. I anledning Hofmos 100-års jubileum i 2021 utga Susanna demoene til albumet som kom for ti år siden, og i 2024 gjester hun Odda og Sentralbadet Litteraturhus. Susanna fremfører sangene laget av Gunvor Hofmos dikt solo, med piano og vokal, og i duo sammen med saksofonist Harald Lassen. “- en voldsom, nydelig og vond plate som også bør gi Hofmos diktning fortjent renessanse.” Terningkast 5 Dagsavisen “- Susanna fra The Magical Orchestra har løftet frem Gunvor Hofmos mørke, lengselsfulle poesi til et større publikum. Ikke bare det, Susanna Wallumrød har gjort flere av diktene til nydelige sanger.” Terningkast 5 Bergensavisen “- Når man gir seg i kast med diktene til en så markant lyriker, bør første bud være at man fanger stemningen i diktene og viderefører dem i musikken. Det gjør Wallumrød, det med «dyster glans».” Terningkast 5 Dagbladet Saksofonist og multiinstrumentalist Harald Lassens fargerike Alstedeværelse i norsk jazz++ det siste året har ikke gått ubemerket hen. “Jazz med en annen form og farge. Musikk som bare kan komme fra et fritt og åpent sinn.” skrev internasjonal presse da det Spellemann-nominerte albumet “Human Samling” kom ut i 2020. Han er for Aden aktuell med sitt personlige og svært kritikerroste Perde- album “Balans”. Susanna trenger knapt noen introduksjon. Hun er kvinnen bak Susanna and the Magical Orchestra, og enten hun velger å opptre som Susanna eller Susanna Wallumrød, har hun siden debuten i 2004 gitt ut musikk som har begeistret så vel kritikere som publikum. Personlige tolkninger av Joy Division, AC/DC, Dolly Parton og Henry Purcell, i tillegg til egne sterke originalsanger, samarbeid med Bonnie ‘Prince’ Billy, Jenny Hval, Ensemble neoN og Carte Blanche, har gitt henne et bredt publikum, men også tre Spellemannpriser, EDVARD-prisen og Radka Toneff Minnepris. I 2023 debuterte Susanna med fullt orkester, og utgivelsen “Baudelaire & Orchestra” med Kringkastinngsorkesteret. www.susannamagical.com Billettar HER

Let the good times BeGin + DJ Lundski

Let the good times beGin! Sentralbadet og Odda Gin-klubb inviterar til temakveld. DJ- Lundski speler musikk og lagar god stemning tufta på groovebaserte låtar innan sjangrane funk, soul, disco, hiphop mm. Gratis inngang.

Smelteverkslunsj

Lunsjsamling for alle som arbeider på og med bydel Smelteverk, eller er opptatt av utviklinga på tomta.

Drikk og teikn!

Vi gjentar suksessen "Drikk og teikn". Er du interessert i å utforska di kunstnariske side i ei avslappa og sosial setting? Bli med på "Drikk og teikn" saman med kunstnar Vilde Takla på Sentralbadet Litteraturhus! “Drikk og teikn" er til for å kombinera gleda ved å skapa illustrasjonar i eit sosialt samvær. Anten du er ein erfaren teiknar, nybyrjar, eller berre nysgjerrig så vil kurset by på ei unik og hyggjeleg oppleving for alle ferdigheitsnivå. Dette passar for alle! Deltakarane får høvet til å eksperimentera med ulike kunstmedium i ein avslappande atmosfære som oppmuntrar til kreative uttrykk i ein sosial setting. Baren er ope for kaffi, te og eit heilt spekter av anna morro! Inngangsbillett / påmelding kostar 150,- og inkluderer alt utstyr som trengst for kurset. Billettar finn du HER Velkomen! Om kunstnar / kursholder Med opphav frå dei naturskjønne fjordane i Hardanger, flytta Vilde tilbake til Ullensvang etter å ha studert design i Bergen i ei årrekkje. Gjennom heile karrieren har ho hatt mange roller. Frå malar, illustratør og skreddar, som alle har næret den djupe kjærleiken hennar for kunst, til forskingsarbeid og feltarbeid med fokus på miljø og berekraft. Ho fullførte ei mastergrad i design ved Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) i Bergen, med vellykka avgang våren 2023. Desse varierte erfaringane har dyrka forståinga hennar for innverknaden til kunsten på kreativitet, samband i verda, og personleg vekst. Vilde jobbar som lærer og designar/illustratør i Hardanger, Ullensvang - som er perfekt plassert mellom to ikoniske nasjonalparkar