Laster Hendelser

Tidligere Hendelser

Hendelser Search and Views Navigation

Hendelse Views Navigation

september 2019

DØDSKAFÉ

september 14 @ 15:00 - 17:00

Dødskafé er ein stad kor folk ennes som ofte ikkje kjenner kvarandre kjem saman for å snakke om døden over eit glas og noko å bite i. I samarbeid med Human-Etisk forbund og Litteratursymposiet. 

Les mer »

DØDEN – EIN SERIE OM LIVET (4-5:5)

september 18 @ 19:00 - 21:00

Dokumentarfilmer: “Dødens marknad” og “Den politiske døden”.  Siste runde med filmvisingar som oppvarming til Litteratursymposiet i Odda.

Les mer »

SMELTEVERKSLUNSJ SEPTEMBER

september 27 @ 11:00 - 12:00

Litteraturhuset i Odda tar initiativ til ein felleslunsj for aktørar som arbeider på og med bydel Smelteverket eller dei som er opptatt av utvikling på tomta. Velkomen til lunsjsamling siste fredag kvar månad. BAKGRUNN Ei kartlegging Odda kommune gjorde viste at det i 2018 var 180 menneske som har smelteverkstomta som sin arbeidsstad. Det kjem til å skje mykje i området i åra framover og vi ynskjer styrke fellesskapskjensla og skape ein arena for å møtes.

Les mer »

FORSKARNATT – MILJØPUB

september 27 @ 19:00 - 23:30

MILJØKLEMMA I samband med forskningsdagane, arrangerer Kraftmuseet og Sentralbadet Litteraturhus Miljøpub på den internasjonale forskarnatta. Temaet er energi, klima og miljø. Odda sin identitet er sterkt samanbunde med den kraftkrevjande industrien, og både historisk og nyare forsking knytt til dette. Kor miljøbevisste er dei store bedriftane i Odda? 20.00 – Velkomen v/ Kraftmuseet. Forsking i Odda før i tida. 20.10 - Stian Seim, leiar for forsking og utvikling på Tizir Titanium & Iron: Hydrogenprosjektet i Tyssedal, og morgondagens løysninger for reduksjon i klimagassutslipp og energieffektivisering. 20.30 - Maria Førde Møll, avdelingsleiar for forsking og utvilkling på Boliden, Odda: Introduksjon om korleis Boliden eksternt og internt er ein del av ein sirkulær økonomi. Hos Boliden er det fleire prosessar i gang for å utnytta råstoffa i endå større grad, og vi får presentert eksemplar på detta. 20.45 - Pause 21.00 - Ida Maage Elstad har mange innovative prosjekt bak seg, og er klimaentusiast med fokus på den nye teknologien innan grøn energi. Innovasjon og mogelegheiter er der, det er berre å ta den i bruk! Det er tid til spørsmål fra salen etter innlegga. 21.20 - Quiz - kor godt har publikum fulgt med? Laga vert satt opp i pausen. For alle som er opptatt av klima og miljø, er dette ein flott sjanse til å få innblikk i korleis bedriftane i Odda jobber for ein ny, grøn revolusjon. Arrangementet er gratis, og open for alle.

Les mer »

oktober 2019

LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2019

oktober 9 @ 08:00 - oktober 13 @ 20:00

Littsymp er ein festival som sidan 2005 har vekse til å bli ein av Norges mest særprega litteraturfestivalar med nokon av landets fremste forfattere på programmet hvert år. Litteraturhuset er eit av hovudareanene til symposiet. I 2019 er tema for symposiet Døden. Det største av alle tema. Det eine som er sikkert her i livet og det vi veit minst om. ​Døden er ukjend og skummel. Den tar fra oss verda. Kva skjer eigentleg i dødsøyeblikket? Finst evig liv? Korleis skrive om det vanskelegaste av alt? Betyr det noko kva som skjer etter at du er død? Korleis skjøtte sitt ettermæle? Kan vi legge ballen død? I tunge stunder ser vi litteraturens effekter på sitt beste. Gjennom tidene har menneska søkt til litteraturen for trøst og forståelse. Nokon set ord på det det knapt finst ord for. Festivalen skal bruke litteraturen og festen til å nærme seg det vanskelege og inviterer inn kloke folk som skal leie oss gjennom det. Mest av alt skal det lagast eit symposium. Det har vore ein fest sidan 2005, og dette er ikkje begravelsen. Odda, 9. - 13. oktober 2019 Det blir dødsbra.  

Les mer »

SMELTEVERKSLUNSJ OKTOBER

oktober 25 @ 11:00 - 12:00

A. Utvik As presenterer Cyanamiden-prosjektet på Litteraturhuset 25. oktober mellom kl 11.00-12.00. Bedriften A. Utvik AS blir først presentert. Deretter presenterast Cyanamiden byggetrinn 1 og nyheita om parkering til alle bueiningar. I tillegg vil det bli ein liten forsmak på byggetrinn 2. Vi har open kafe - vel møtt alle som er interessert. BAKGRUNN FOR SMELTEVERKSLUNSJANE Ei kartlegging Odda kommune gjorde viste at det i 2018 var 180 menneske som har smelteverkstomta som sin arbeidsstad. Det kjem til å skje mykje i området i åra framover og vi ynskjer styrke fellesskapskjensla og skape ein arena for å møtes.

Les mer »

november 2019

DYLAN PÅ NYNORSK MED TOM ROGER AADLAND

november 21 @ 20:00 - 21:15
215kr

KJØP BILLETTAR HER. Han har gjendikta Bob Dylan til strålande kritikkar, og blitt omtala som «ein tekstforfattar av stort format» og «ein melodisnikkar av dei sjeldne». No kjem rockepoeten Tom Roger Aadland til Sentralbadet Litteraturhus i Odda med Dylan på nynorsk og eigne, kritikarroste låtar i kofferten. Det nye albumet hans, «Songfugl», har fått ei strålende mottaking. «Imponerende overbevisende», er VG sin kommentar, mens Fædrelandsvennen kallar Aadland «en av våre største rockepoeter» og meiner «Songfugl» er hans beste album til no. Aadland har samarbeidd med fleire forfattarar, og skreiv musikk til tittelmelodien då Kjartan Fløgstad gav ut songboka «Songharpesongar» i fjor. Hausten 2016 – berre nokre veker før Bob Dylan fekk Nobelprisen i litteratur – gav Aadland ut albumet «Blondt i blondt» (Dylans meisterverk «Blonde on Blonde» gjendikta). Plata blei rost opp i skyene av kritikarane og kåra til Årets Album av NRK P1 Norsk på norsk. Same år var han mannen bak mange av tekstane på Hellbillies’ albumsuksess «Søvnlaus». Aadland blei lagt merke til for alvor då han gav ut «Blod på spora» (2009) – ei nynorsk gjendikting av Dylans «Blood on the Tracks». Fredrik Wandrup i Dagbladet kalla Aadlands versjon av albumet «vakker og rørende», mens Aftenposten skreiv at «Blod på spora» var ein «imponerende fornorsket klassiker». Opningssporet «Vikla inn i blått» («Tangled Up in Blue») blei kåra til ein av tidenes beste norske coverlåtar av Tidal. Responsen på albumet førte til omfattande turnering landet rundt, og då Bob Dylan ble eige universitetsfag, heldt Aadland opningsførelesinga på Blindern. Gjendiktingane hans har treft mange; då den nye biskopen i Stavanger ble vigsla, var Tom Roger Aadland det musikalske ønsket hennar og H.M. Kongen blant tilhøyrarane. Tom Roger Aadland har gitt ut sju kritikarroste album, og er kjent for radiolåtar som «Alle dei i ei», «Eg må ha deg» («I Want You») og «Min beste ven på ein dårleg dag». Til hausten kjem eit livealbum innspelt i Oslo Konserthus med nokre av landets beste musikarar. KJØP BILLETTAR HER.

Les mer »

Lesesirkel (oppstartsmøte)

november 28 @ 19:00 - 20:00

Vi startar opp med lesesirkel på Sentralbadet litteraturhus torsdag 28. november kl 19.00. Det første møtet vil bli brukt på å finna ut kva bok vi vil lesa og korleis vi vil organisera lesesirkelen. Kom, og ta gjerne med deg ein leseglad ven. Om vi vert mange kan det bli fleire lesesirklar. Vel møtt!

Les mer »

SMELTEVERKSLUNSJ NOVEMBER

november 29 @ 11:00 - 12:00

Litteraturhuset i Odda tar initiativ til ein felleslunsj for aktørar som arbeider på og med bydel Smelteverket eller dei som er opptatt av utvikling på tomta. Velkomen til lunsjsamling siste fredag kvar månad. NOVEMBER: Vi har invitert Ingvald Torblå, styreleiar i Importkaien Odda AS, til å fortelje oss korleis det går med planane om leiligheter på importkaia. BAKGRUNN Ei kartlegging Odda kommune gjorde viste at det i 2018 var 180 menneske som har smelteverkstomta som sin arbeidsstad. Det kjem til å skje mykje i området i åra framover og vi ynskjer styrke fellesskapskjensla og skape ein arena for å møtes. NB: Dette er siste Smelteverkslunsjen i 2019.

Les mer »

Forestilling: Babettes gjestebud

november 30 @ 19:00 - 20:00
Sentralbadet litteraturhus, Lindeplassen, 5750 Odda
Odda, Hordaland 5750
+ Google Map
100kr

Babettes gjestebud er ein av dei store humoristiske og djuptgripande novellene av den danske forfattaren Karen Blixen (1885-1962). Den kom ut i samlinga Skjebneanekdoter i 1958. Babette er flyktning frå Paris. Ho kjem til eit lite bygdesamfunn i Norge, og blir innlosjert hjå to vaksne ugifte og strengt pietistiske søstre. Her blir Babette kokk, og lærar å lage velling, kålrotstappe og potetklubb. Søstre formanar henne om at «mat er kun for å gi næring, ikkje for nytelsens skuld». Babette blir hos søstrene i 14 år. Men før ho kom til Norge var ho kjøkkensjef på ein av dei mest eksklusive restaurantane i Paris, noko søstrene ikkje veit. Skodespelar Gro Ann Uthaug har tilrettelagt novella for scenen. Ho framfører stykket åleine og spelar heile 9 ulike roller i den timen forestillinga varer. Regi er ved Einar Dahl, og produksjon ved Tema Teater. Sidan premieren i august har Babettes gjestebud vore på Norgesturné, mellom anna på eit utsolgt Sigrid Undsets hjem på Bjerkebæk. No kjem stykket til Odda og litteraturhuset. Velkommen! Pris: 100 kroner. Billett kan kjøpast på Ticketco, eventuelt i døra om det er fleire att.  

Les mer »
+ Export Events