Laster Hendelser

Kommende Hendelser

Hendelser Search and Views Navigation

Hendelse Views Navigation

august 2019

ODDArT’19 Teiknekurs LØRDAG: DRINKING & DRAWING

august 31 @ 19:00 - 22:00
350kr

KJØP BILLETTAR HER. Felicitas Aga tar med seg sitt teikneopplegg frå London til ODDArT. I fjor fekk me nokre magiske timar både for dei som ikkje hadde teikna etter modell før og for dei meir erfarne. Me gjentar tilbodet i år. Har du lyst og prøve deg på kroki- og akt-teikning so er det berre å kjøpe billett. Du kan velje ein dag eller begge dagane. Alt utstyr pluss eit glas vin eller anna drikke er inkludert i billetten. NB! det er avgrensa plass. KJØP BILLETTAR HER.

Les mer »

september 2019

QUIZCUP 2019 – 3. RUNDE

september 6 @ 21:00 - 23:45

Tredje runde av Quizcup i Odda 2019 går avstabelen i Litteraturhuset fredag 6. september kl 21.00. Quizcup er en allmenn-quiz med Erik Løland som quizvert. Meld på ditt lag på www.quizcup.no. - Maks 6 personer per lag. - Pris: 100 kr per lag. - Dørene åpner kl 20.00.

Les mer »

STAND UP: All verdens tid med Roar Brekke og Arne Torget

september 13 @ 21:00 - 22:30
270kr

KJØP BILLETTER HER. Standupkomiker Roar Brekke har spilt over 90 forestillinger med denne nydelige vitaminpillen av et show. Han er opprinnelig fra Odda, og har i over 20 år gjort standup over hele landet. Gjenkjennelige observasjoner og levende kroppsspråk kjennetegner showene hans. Han ble for denne forestillingen også nominert til NRKs Komiprisen for Beste standup. I ”All verdens tid” er det tid som er den røde tråden. Han undrer seg over dagens tidsklemme og trekker stadig paralleller mellom hvordan vi lever nå, kontra tidligere. Det betyr humor rundt Facebook og selfie-generasjonen, om slowfood og ferdig utblandet saft, og om krangler med samboeren helt uten ord… Som det er skrevet i flere strålende anmeldelser – dette er en forestilling for flere generasjoner. Her er det garantert mye å le av for alle aldre. I tillegg får du med en herlig rimsmed og humorist fra Husnes, Arne Torget. Snart vil alle vite hvem han er når han i høst deltar på Norske talenter. KJØP BILLETTER HER.

Les mer »

Sanna Sarromaa: Når kjærleiken tar slutt

september 14 @ 12:00 - 13:00
Sentralbadet litteraturhus, Lindeplassen, 5750 Odda
Odda, Hordaland 5750
+ Google Map
100,-

Svært mange av oss vil oppleve samlivsbrot i løpet av livet - rundt 20 000 nordmenn blir skilt eller separert kvart år. For mange opplevast dette også som den største krisa ein går igjennom: opprivande, bittert, og kor vi blir forvandla til sprø individ som gjer ting vi ellers ikkje kunne forestilt oss. Korleis skal vi navigere gjennom kaoset av kjensler som oppstår når vi skil lag med partnaren vår? Og kva med det praktiske, som barn, pengar og juridiske rettar? Forfattar og sosiolog Sanna Sarromaa har, med utgangspunkt i eigen skilsmisse, skrive ein overlevelsesguide til deg som går igjennom det same. «Skilsmisseboken», som kjem i haust, er spekka med innspel frå psykologar, juristar og andre skilte folk. Til litteraturhuset kjem Sarromaa for å snakke om den lange reisa vi tar frå nyseparert vrak til sterk og glad singel, i samtale med gjestekurator Elise Winterthun. Også dei lukkeleg forelska er velkomne. Det er alltid lurt å vere førebudd på alt! Billett: 100,- Kan kjøpast på Ticketco eller i døra så langt det rekk.

Les mer »

oktober 2019

LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2019

oktober 9 @ 08:00 - oktober 13 @ 20:00

Littsymp er ein festival som sidan 2005 har vekse til å bli ein av Norges mest særprega litteraturfestivalar med nokon av landets fremste forfattere på programmet hvert år. Litteraturhuset er eit av hovudareanene til symposiet. I 2019 er tema for symposiet Døden. Det største av alle tema. Det eine som er sikkert her i livet og det vi veit minst om. ​Døden er ukjend og skummel. Den tar fra oss verda. Kva skjer eigentleg i dødsøyeblikket? Finst evig liv? Korleis skrive om det vanskelegaste av alt? Betyr det noko kva som skjer etter at du er død? Korleis skjøtte sitt ettermæle? Kan vi legge ballen død? I tunge stunder ser vi litteraturens effekter på sitt beste. Gjennom tidene har menneska søkt til litteraturen for trøst og forståelse. Nokon set ord på det det knapt finst ord for. Festivalen skal bruke litteraturen og festen til å nærme seg det vanskelege og inviterer inn kloke folk som skal leie oss gjennom det. Mest av alt skal det lagast eit symposium. Det har vore ein fest sidan 2005, og dette er ikkje begravelsen. Odda, 9. - 13. oktober 2019 Det blir dødsbra.  

Les mer »

november 2019

DYLAN PÅ NYNORSK MED TOM ROGER AADLAND

november 21 @ 20:00 - 21:15
215kr

KJØP BILLETTAR HER. Han har gjendikta Bob Dylan til strålande kritikkar, og blitt omtala som «ein tekstforfattar av stort format» og «ein melodisnikkar av dei sjeldne». No kjem rockepoeten Tom Roger Aadland til Sentralbadet Litteraturhus i Odda med Dylan på nynorsk og eigne, kritikarroste låtar i kofferten. Det nye albumet hans, «Songfugl», har fått ei strålende mottaking. «Imponerende overbevisende», er VG sin kommentar, mens Fædrelandsvennen kallar Aadland «en av våre største rockepoeter» og meiner «Songfugl» er hans beste album til no. Aadland har samarbeidd med fleire forfattarar, og skreiv musikk til tittelmelodien då Kjartan Fløgstad gav ut songboka «Songharpesongar» i fjor. Hausten 2016 – berre nokre veker før Bob Dylan fekk Nobelprisen i litteratur – gav Aadland ut albumet «Blondt i blondt» (Dylans meisterverk «Blonde on Blonde» gjendikta). Plata blei rost opp i skyene av kritikarane og kåra til Årets Album av NRK P1 Norsk på norsk. Same år var han mannen bak mange av tekstane på Hellbillies’ albumsuksess «Søvnlaus». Aadland blei lagt merke til for alvor då han gav ut «Blod på spora» (2009) – ei nynorsk gjendikting av Dylans «Blood on the Tracks». Fredrik Wandrup i Dagbladet kalla Aadlands versjon av albumet «vakker og rørende», mens Aftenposten skreiv at «Blod på spora» var ein «imponerende fornorsket klassiker». Opningssporet «Vikla inn i blått» («Tangled Up in Blue») blei kåra til ein av tidenes beste norske coverlåtar av Tidal. Responsen på albumet førte til omfattande turnering landet rundt, og då Bob Dylan ble eige universitetsfag, heldt Aadland opningsførelesinga på Blindern. Gjendiktingane hans har treft mange; då den nye biskopen i Stavanger ble vigsla, var Tom Roger Aadland det musikalske ønsket hennar og H.M. Kongen blant tilhøyrarane. Tom Roger Aadland har gitt ut sju kritikarroste album, og er kjent for radiolåtar som «Alle dei i ei», «Eg må ha deg» («I Want You») og «Min beste ven på ein dårleg dag». Til hausten kjem eit livealbum innspelt i Oslo Konserthus med nokre av landets beste musikarar. KJØP BILLETTAR HER.

Les mer »
+ Export Events