Sosialt
Bingoshow med Danger Dale og Hylland
Sentralbadet litteraturhus Lindeplassen, 5750 Odda,Odda,HordalandBingo-duoen drar den eldgamle lotteriforma med røter heilt tilbake til 1500-talets Italia fram i ljoset igjen. Det vert eit lass med kødding, kaos, allsong og gode mogleikar for å rusle heim med bra premiar. Billettar her
Drikk og teikn!
Sentralbadet litteraturhus Lindeplassen, 5750 Odda,Odda,HordalandEr du interessert i å utforska di kunstnariske side i ei avslappa og sosial setting? Bli med på "Drikk og teikn" saman med kunstnar Vilde Takla på Sentralbadet Litteraturhus! “Drikk og teikn" er til for å kombinera gleda ved å skapa illustrasjonar i eit sosialt samvær. Anten du er ein erfaren teiknar, nybyrjar, eller berre nysgjerrig så vil kurset by på ei unik og hyggjeleg oppleving for alle ferdigheitsnivå. Dette passar for alle! Deltakarane får høvet til å eksperimentera med ulike kunstmedium i ein avslappande atmosfære som oppmuntrar til kreative uttrykk i ein sosial setting. Baren er ope for kaffi, te og eit heilt spekter av anna morro! Inngangsbillett / påmelding kostar 200,- og inkluderer alt utstyr som trengst for kurset. Billettar finn du i linken eller på www.litthusodda.no Velkomen! Om kunstnar / kursholder Med opphav frå dei naturskjønne fjordane i Hardanger, flytta Vilde tilbake til Ullensvang etter å ha studert design i Bergen i ei årrekkje. Gjennom heile karrieren har ho hatt mange roller. Frå malar, illustratør og skreddar, som alle har næret den djupe kjærleiken hennar for kunst, til forskingsarbeid og feltarbeid med fokus på miljø og berekraft. Ho fullførte ei mastergrad i design ved Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) i Bergen, med vellykka avgang våren 2023. Desse varierte erfaringane har dyrka forståinga hennar for innverknaden til kunsten på kreativitet, samband i verda, og personleg vekst. Vilde jobbar som lærer og designar/illustratør i Hardanger, Ullensvang - som er perfekt plassert mellom to ikoniske nasjonalparkar. Billettar her
17. mai på Sentralbadet Litteraturhus!
Sentralbadet litteraturhus Lindeplassen, 5750 Odda,Odda,HordalandLiker du å vera fri, finna på kjekke ting og bare henga på ein sosial plass på 17. mai? Sentrabadet gir deg akkurat det du treng! Det vert også quiz med Aleksander Svenning! Gratis inngong heile dagen.