Laster Arrangementer

Arrangementer Search and Views Navigation

Arrangement Views Navigation

april 2022

Boklunsj: Bortom allfarveg Vestlandet

april 25 @ 12:00 - 14:00
Sentralbadet litteraturhus, Lindeplassen, 5750 Odda
Odda, Hordaland 5750
+ Google-kart

Forfattar og globetrottar Gunnar Garfors deler smakebitar frå boka "Bortom allfarveg Vestlandet". Gunnar Garfors er forfattar, journalist, føredragshaldar og globetrottar. I 2018 blei han den første som for andre gong besøkte alle verdas 198 land. På fritida driv sunnfjordingen frå Naustdal mellom anna reisepodkasten Globusrulett og skriv for The Guardian. I gamle dagar jobba han over 20 år i NRK. Boka hans "Bortom allfarveg" selde i 2021 ut på fire dagar og låg sidan 12 veker på topplista. Oppfølgaren "Bortom allfarveg Vestlandet" er hans fjerde bok, og frå scena tek han oss med på ei lettbeint og humoristisk reise over heile landsdelen vår. Etter bokpresentasjonen inviteres alle reiselivsaktørar i Ullensvang kommune til ei samling for reiselivet på Sentralbadet litteraturhus. Visit Hardangerfjord og gir ein liten sniktitt på den nye profilen deira.

Les mer »

mai 2022

Siderkurs i Sentralbadet litteraturhus

mai 7 @ 11:00 - 19:00
Sentralbadet litteraturhus, Lindeplassen, 5750 Odda
Odda, Hordaland 5750
+ Google-kart

Foto: Øystein Haara Pommelierar og velrenomerte kokkar går i dybden i det sensoriske univers: Billettar til kvart enkelt kurs 11.00 - Sider møter sjokolade (Fjåk) Smak verdskjend sjokolade frå FJÅK saman med sider. Agurtxane Concellon frå Fjåk Sjokolade, sommelier Kasper Wrem Anderson frå Siderhuset Ola K og spennande siderprodusentar vil gje deg sprudlande sidersmakar og prisvinnande sjokolade i kombinasjon. Her får du smaka tre ulike sjokoladar opp mot tre sidertypar. 12.30 - Sider møter sjømat (Cornelius) Lær å setta saman perfekte mat- og drikkekombinasjonar! På dette kurset får du spennande kunnskap om korleis du kan kopla ulike sidertypar med østers og skjell. På kurset får du smaka tre elegante kombinasjonar. Cornelius Sjømatrestaurant vert med på kurset og stiller med lekre smakar frå havet, og sommelier Kasper Wrem Anderson frå Siderhuset Ola K vil la deg få smaka på utsøkte sidrar som passar til. 14.00 - Sider møter laks (Salma) Velkomen til ei spennande smaksoppleving der sider møter laks frå Hardangerfjorden! Sommelier og siderskribent Kasper Wrem Anderson frå Siderhuset Ola K tek oss med på ei smaksoppleving der sprudlande sider frå både utland og innland møter Salmalaks frå Hardangerfjorden. På kurset lærer du om gode sidrar til tre ulike lakserettar. Kom og smak spennande smakskombinasjonar frå Hardanger! 16.30 - Sider møter persetorsk (Bien) På kurset får du smaka nasjonale og internasjonale sidrar i møte med den berømte Persetorsken til Bien restaurant i Bergen. Den internasjonale anerkjente ciderologisten Gabe Cook husar deg gjennom denne smakinga der du garantert får ei utsøkt smaksoppleving. OBS: Hovudspråk for dette kurset er engelsk. 18.00 - Sider møter kjøtt (Varegga) Ei spennande sidersmaking der du lærer om gode siderparinger til smaksrikt kjøtt frå Vestlandet. Kurset blir halde av den internasjonalt anerkjente ciderologisten Gabe Cook. Med seg på laget har han både lokale og internasjonale siderprodusentar og Varegga Mat frå Bergen. Hovudspråket for dette kurset er engelsk.

Les mer »

juni 2022

Smelteverkslunsj – Ordføraren

juni 3 @ 11:00 - 12:00
Sentralbadet litteraturhus, Lindeplassen, 5750 Odda
Odda, Hordaland 5750
+ Google-kart

Sentralbadet litteraturhuset inviterer til ein felleslunsj for aktørar som arbeider på og med bydel Smelteverket, og for dei alle som er opptatt av utvikling på tomta. Til Smelteverkslunsj i mai har vi invitert ordførar Roald Aga Haug for å gje oss ein status på ulike utviklingsprosjekt på Smelteverket.  BAKGRUNN FOR SAMLINGA Ei kartlegging Odda kommune gjorde viste at det i 2018 var 180 menneske som har smelteverkstomta som sin arbeidstad. Det kjem til å skje mykje i området i åra framover og vi ynskjer styrke fellesskapskjensla og skape ein arena for å møtes. Ein aktør vert presentert kvar samling. Gratis adgang, sal av lunsj.  Lunsjsamlinga er open for alle interesserte. Tips gjerne ein ven eller kollega.

Les mer »
+ Eksporter arrangementer