Foredrag

Velg visning

Arrangement Views Navigation

I dag

Kampen om naturen

Kva natur skal vernast, for kven - og kan ein med skriveri frå kontorstolar og i aviser gjere ein forskjell? Kor drastisk må ein vera for å påverka stat og styre, og kven skal heva stemma for naturen? Amalie Kasin Lerstang og Guri Sørumsgard Botheim i samtale om sine nye bøker, og om enkeltmennesket si påvirkningskraft. Guri Sørumgård Botheim har skrive "Høgfjellsmeldinga", som er ein poetisk pageturner om kontorliv, naturrestaurering og radikale meiningar. Ragna får i oppgåve å skriva ein NOU-rapport om villreinen og om fjellet si etiske stemme. Kollegaene meiner rapporten er nok eit papir for skrivebordsskuffa, men arbeidet løyser ut sterke reaksjonar. Amalie Kasin Lerstang har i boka "Rikt er et folk som har skogen" undersøkt kva eit enkeltmenneske kan stilla opp med, når lokalområde blir truga av nasjonale planar. I lokalavisa les Eva Brattheim at ein firefelts europaveg skal byggjast rett gjennom skogen ho elskar å gå tur i. For Eva er saka klar, vegen må stansast. Men korleis? Open kafe og bar. Støtta av Kulturrådet og Fritt Ord. Billettar HER

Odda i krig (NY DATO)

Motstandsfolk, arkiv og løyndommar. Eit sjeldan høve til å dykka ned i Oddas nære historie, med ny informasjon om gamle bragder formidla av Trond Ramsøy. Etter foredraget blir det mogleg å stilla spørsmål frå salen. Open kafé og bar. Arrangementet er støtta av Kulturrådet og Fritt Ord. BILLETTAR HER

Espen A. Jacobsen – «Norgesferie»

Sentralbadet litteraturhus Lindeplassen, 5750 Odda,Odda,Hordaland

«Norgesferie»   Fram til utbrotet av første verdskrig brukte den tyske keisaren 23 somrar i Noreg. Desse årvisse, høgprofilerte besøka representerer på mange måtar starten for turismen som ei viktig næring i landet vårt. Odda og områda kring Sørfjorden var mellom keisaren sine favorittplassar i Noreg. Teknologiske nyvinningar som dampskip og jernbane hadde gjort reising og persontransport enklare, raskare og meir effektivt. Og med framveksten av den moderne tid oppstod begrep som fritid og ferie. Då Noreg vart “oppdaga” som fascinerande reisemål, var slike ord fjernt frå røynda til dei som budde her. For nordmenn flest skulle det enno gå lang tid før livet gav rom for anna enn strev for å brødfø seg og sine. Dei opphavlege turistane var utlendingar. Føredraget tek oss med til ei rekkje av stadene som bergtok keisaren og dei andre tidlege turistane. Nokre av stadene er framleis blømande turistmål og populære attraksjonar, andre har blitt gløymde. Nokre av dei tidlegare turistmagnetane utvikla seg etter kvart med større preg av anna verksemd. Nokre av desse stadene er no i gang med si neste framtid, med ny satsing på turisme og reiseliv. Denne kvelden vil gi næring til dei nyfikne og reiselystne, anten me vil bruka fantasien til å oppleva Noregs mest spennande stader med keiser Wilhelms augo eller vi trivst best med å bruke våre eigne. Eit omfattande, unikt biletmateriale følgjer føredraget. Som forfattar og fotograf står Espen A. Jacobsen bak ei rekke bøker om dei eineståande opplevingane som ventar oss langs kysten og ved fjordane i Noreg. Foredragsturnéen han hadde i 2022 «Vestlandsfjordene – verdens vakreste reisemål» kjem med en ny sesong, og han tek for seg fleire emne og tema frå utvalde stader og område. Han fortel om kjente og ukjente turistattraksjonar, om historie, kvardagsliv og samferdsel; kort sagt alt som gjer detta så fascinerande. Jacobsen er kjent for sine muntre og engasjerande foredrag, med eit unikt foto- og biletmateriale som viktig ingrediens. Foredraga skapar reiselyst og inspirasjon, kanskje til den neste ferien eller til spanande helgeturar i valfri avstand heimefrå. Har du kanskje gløymd litt kor spanande nærområde du lev i er? Sett av kvelden under vårjamdøgn på Sentralbadet litteraturhus! Tilbod på Underdeilig! Knut Markhus si bok om reiselivshistoria i Hardanger. BILLETTAR FINN DU HER

Smelteverkslunsj

Lunsjsamling for alle som arbeider på og med bydel Smelteverk, eller er opptatt av utviklinga på tomta.

Eg er, Eg er, Eg er: Poesikonsert for store og små

Poeten Ruth Lillegraven og musikar Annlaug Børsheim kjem til Sentralbadet litteraturhus, og vi inviterer til poesikonsert for heile familien. Det vert både opplesing og musikalske tolkingar av dikta til Ruth, dikt som skildrar korleis det er å vere både ung og levande og gamal, korleis kjensler svingar frå vår til sommar til haust og vinter, å vere redd og å tore – blant anna. Dikta er henta frå dei tre kritikarroste barnediktbøkene Eg er eg er eg er (2016), Skogen den grøne (2018) og Badesommar (2023), som alle er illustrert av Mari Kanstad Johnsen. Annlaug har tonesatt fleire av dikta til Ruth, først og fremst dikt frå boka Eg er eg er eg er. Musikken er inspirert av norsk folkemusikk i møte med andre tradisjonar og sjangrar og Annlaug speler både hardingfele, gitar og syng. Billettar HER Foto: Elisabeth Emmerhoff.

Møt Tore Renberg

Ein av våre største og mest populære forfattarar, Tore Renberg, kjem til litteraturhuset i Odda! Velkommen til eit forfattarmøte der Renberg fortel om sine seinaste bøker. Om hekseprosessar og litteratur, om innbitne romankarakterar og nye essay. Open kafe og bar. Støtta av Kulturrådet og Fritt Ord. Billettar HER 

Kva er greia med… 7-fjell?

Ølbryggeriet 7-fjell ligg mellom dei sju fjell i Vestlands hovudstad Bergen. Lidenskaplege folk frå Sogn, Kristiansand, Hardanger, New Zealand og England legg saman sjela si i handverksøl brygga på bergensk regnvatn. Kva er eigentleg greia med 7-fjell? Bryggeriet kjem til Sentralbadet for ei ølsmaking saman med ei innføring i kva som er greia. Velkomen! Ope bar frå 21.00 Billettar HER

Smelteverkslunsj

Lunsjsamling for alle som arbeider på og med bydel Smelteverk, eller er opptatt av utviklinga på tomta.