Sist avholdte Arrangementer
Benedicte Maurseth – Systerspel
Kvifor vart dei borte frå kvardag og høgtid, medvit og tanke, skrift og tale? Dei var her, og så vart dei borte? Systerspel, er ei bok skrive av Benedicte Maurseth om spelekvinner som spela fele frå 1700-talet til i dag. Eit verk omtalt som «en begivenhet» i Bokmagasinet i Klassekampen. Å spela fele var for menn. Det har me alltid trudd. Men Maurseth har leita fram kvinnene, frå skrift og munnleg tradisjon, og fortel om dei gjennom fakta og meddikting. Dei er fleire enn du trudde. Konsertførestillinga byggjer på boka, og er ei historisk, personleg og nærgåande musikalsk forteljing om spelekvinner som var blinde og beinlause, som spela i bryllaup og til dans, og som vart både ovundra og hindra i å spela. Førestillinga tek opp kvifor spelekvinna ei tid forsvann og vart borte, for så å koma attende i tradisjonen, og om korleis finna sin plass som spelekvinne på ny. «Resultatet er solid scenekunst.» Avisa Hordaland. «Det er sjeldan å sjå og høyra at alle delane i eit slik prosjekt dreg så eintydig i lag, men i sentrum står Benedicte Maurseth og gjennomfører ein kraftprøve utan eit einaste feil- eller kvileskjer.» Salt Peanuts. Medverkande scenisk: Benedicte Maurseth – hardingfele, forteljing, lesing Produksjon: Hildegun Riise – regi, manusutvikling, Birk Nygaard – scenografi, lys og videodesign Mari Kanstad Johnsen – illustrasjon Kieran Kolle – video Rune Døli – grafisk design Jørgen Træen – lydkollasj Benedicte Maurseth – komposisjon og manusutvikling Konsertførestillinga er produsert i samarbeid med Osafestivalen og Riksscenen. Billettar kjøpes her: https://litthusodda.ticketco.events/no/nb/e/benedicte_maurseth_systerspel__om_spelet_som_var_og_spelet_som_vart_borte
Humorkveld
Odda Humorklubb kjem med nye komikarar torsdag 1. juni. Showstart: kl. 20.00 Billettar: https://roarbrekke.ticketco.events/no/nb/e/humorkveld_sentralbadet_1juni
Selma French
Selma French kjem med fullt band til Sentralbadet Litteraturhus under Hardanger Internasjonale Siderfestival 2023! Selma French har lenge vært synlig på norske konsertscener, da som vokalist og felespiller i Masåva og Morgonrode. I tillegg er hun å se som musiker i band som Frøkedal&Familien, Siv Jakobsen og som feature i The Switch. Nå presenterer hun sitt soloprosjekt med debutalbumet «Changes like the weather in the mountain» som allerede har blitt hyllet av musikkanmeldere. «Noe av det beste jeg har hørt i år. Solodebuten fra Selma French er et dynamisk verk som imponerer stort.» - Eivind August Westad Stuen, Aftenposten (Terningkast 6) «et unikt vokal- og låtskrivertalent som tidlig la seg tettere på Anne Lise Frøkedal enn Susanne Sundfør eller Thomas Dybdahl.» Tor Martin Bøe, VG (Terningkast 6) Musikken viser hennes beundring for norsk og engelsk folkemusikk, med et nytt budskap pakket inn med wurlitzer, hardingfeler og noen high pitched koringer. Musikken beveger seg fra åpne landskap som store fjell til gjemte rom med hjerteskjærende skildringer om det enkle og såre. Konserten hennes under årets VillVillVest i Bergen for en uke tilbake var det eneste som fikk terningkast 6 og musikkanmelder i GAFFA.NO, Geir Magne Staurland, skriver blant annet: «Det er Selma French som er musikk-Norges best bevarte «hemmelighet» – enn så lenge. Konserten hennes i Bergen lot det ikke være noen tvil.» «Hun vant 2022s Vill Vill Vest og gjorde det med en avsluKende, rolig sang om sin mormor» Billettar: https://litthusodda.ticketco.events/no/nb/e/selma_french