Bjørn Våde: Fra galgebakke til skafott
Sentralbadet litteraturhus Lindeplassen, 5750 Odda,Odda,HordalandTorsdag 16. februar vert det dramatikk, drap og drukkenboltar på Sentralbadet når Bjørn Våde kjem for å snakke med Karl Ystanes om den nye boka si.
Konsert med Thom Hell
Sentralbadet litteraturhus Lindeplassen, 5750 Odda,Odda,HordalandTorsdag 2. mars kjem den anerkjente singer/ songwriter Thom Hell til Sentralbadet for å presentere sine nye album. Vi gler oss og håper du tar turen!
Mur, far og dotter
Sentralbadet litteraturhus Lindeplassen, 5750 Odda,Odda,HordalandTørrmuring er ein av dei aller eldste byggjeteknikkane til menneska, og har lange tradisjonar i Noreg. Du ryddar marka, fjellsida eller åkeren fri for stein og nyttar han til å byggje gjerder, bakkemurar, hus, bruer, vegar. Utan mørtel, berre stein, heilt tørt. Det er både berekraftig og miljøvenleg. I bokprosjektet “Mur, far og dottar” er arkitekten Kjersti Aase Winjum læresvein, og far Haakon Aase læremeister. Aase er kanskje Noregs fremste tørrmurar, og i Oslo sit dotter hans og kjenner på eit ansvar for å ta vare på arven etter faren. Saman murer dei ein støttemur på garden hans. Handlingsbåren kunnskapsoverføring er den raude tråden. Far og dotter kjem til Sentralbadet for å snakka om det gamle handverket og korleis gamal kunnskap kan brukast i ei ny tid. Velkommen til ein innhaldsrik kveld om mur og mykje meir!
Nasjonalkjensla
Sentralbadet litteraturhus Lindeplassen, 5750 Odda,Odda,HordalandKven er inkludert i eit felles vi, og kva betyr det eigentleg å vere ein nasjon? Med nasjonaldagen tett på inviterer vi forfattar Maria Horvei til oss på litteraturhuset i Odda. I boka "Gratulerer med dagen" - får lesaren innblikk i livet i ei lita vestlandsbygd, på sjølvaste nasjonaldagen. Mellom barnetog, bringklutar og betasuppe på bedehuset blir det spurt både direkte og indirekte: Kven er vi, og kva er det vi feirer når vi feirer nasjonaldagen i ein moderne kontekst? Horvei kjem til sentralbadet for å snakka om boka, nasjonalkjensla - og bygdeliv på vestlandet. Vel møtt til ei litterær og artig oppvarming til sjølvaste nasjonaldagen. Arrangementet er støtta av Kulturrådet og Fritt Ord.