Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

UØNSKA ÅTFERD – Bokprat

2. desember 2023 @ 14:00 - 15:00

Olaug Nilssen møter Guro Kvalnes til samtale om haustens roman «Uønska åtferd».

 
Olaug Nilssen (f. 1977) fekk sitt store gjennombrot med Få meg på, for faen i 2005. Boka braut tabu knytte til ungdom og seksualitet og blei definerande for ein heil generasjon. Sidan den gong har ho skrive bøker i mange sjangrar og markert seg som ei uvanleg og viktig stemme i norsk litteratur. I romanen Tung tids tale, som ho fekk Brageprisen for, fortel ho med ei uvanleg openheit om det å vere mor til eit sterkt funksjonshemma barn. I 2019 gav ho ut det satiriske lesestykket Ikkje tenk på det, om stoda i norsk bokbransje, og same året fekk ho Doblougprisen for forfattarskapen sin. I 2021 fekk ho Fritt Ords pris i lag med Bjørn Hatterud og Jan Grue.
 
Årets roman løfter spørsmålet om kor grensa går for kva ein skal ofre for eit barn? Katrine er gift med Gunnar, saman har dei barna Jostein og Janne. Sonen er psykisk utviklingshemma, og familielivet er fullstendig dominert av omsorgsbehovet hans. Dottera er oversett, men også utsett då Jostein kjem i puberteten og utagerer seksuelt. «Uønska åtferd» viser fram kor krevjande det er for ein familie å ta vare på alle når ein har eit barn som treng alt. I kampen for sonen er Katrine i ferd med å miste alt, ekteskapet, forholdet til dottera, men også seg sjølv. 
Nilssen møter Guro Kvalnes til samtale om boka.

Arrangementet er støtta av Kulturrådet og Fritt ord.

Billettar her

Detaljer

Dato:
2. desember 2023
Tid
14:00 - 15:00
Kategori for Arrangement: