Laster Hendelser

« All Hendelser

  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

TOR ÅGE BRINGSVÆRD: OM ALDERDOM OG LIVSGLEDE

august 17 @ 14:00 - 15:30

100,-

Litteraturhuset får besøk av Tor Åge Bringsværd, ein av landets mest skatta forfattarar. I år fyller han 80 år, og bak seg har han ein usedvanleg rik forfattarskap med over femti bøker, som spenner over romanar, noveller og essays. Han er også ein svært omtykt barnebokforfattar, og mange norske barn har vekse opp med sjøormen Ruffen eller Karsten og Petra. Bringsværd har vunne utallige prisar for sine bøker.

I år er Bringsværd aktuell med boka «Mens jeg har dere her, eller om det å bli gammel» (Cappelen Damm), ei samling tekstar om alderdommen. Korleis forsone seg med det å bli gammal, er det i det heile tatt mogeleg? Blir vi nokon gong mett på livet og klare til å døy? Idylliserer vi alderdommen som fredeleg og gledesfylt, fordi vi ikkje vil tenke på smerten og tapet av fysiske funksjonar den fører med seg? Eller har også alderdommen særeigne fordelar, som vi ikkje har tenkt på? Med både ærlegdom, overskot og livsglede tek Bringsværd oss med inn i refleksjonar om denne fasen av livet.

Velkommen til samtale om «Mens jeg har dere her…» og Bringsværd sin forfattarskap for øvrig, denne seinsommarkvelden på litteraturhuset. Intervjuar er gjestekurator Elise Winterthun.

Billett: 100,-

Kan kjøpast på Ticketco eller i døra så langt det rekk.

Detaljer

Dato:
august 17
Tid
14:00 - 15:30
Kostnad:
100,-

Sted

Sentralbadet litteraturhus
Lindeplassen, 5750 Odda
Odda, Hordaland 5750
+ Google Map