Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Smelteverkslunsj februar – Framtidsfylket

februar 25 @ 11:00 - 12:00

Sentralbadet litteraturhuset inviterer til ein felleslunsj for aktørar som arbeider på og med bydel Smelteverket, og for dei som er opptatt av utvikling på tomta.
Til første Smelteverkslunsj i 2022 har vi invitert Kine Vikse og Linda Hovland frå Framtidsfylket. Dei har har kontor i Næringshagen.
Framtidsfylket jobbar for å rekruttere og behalde kompetanse og arbeidskraft i Vestland. Dei gjer arbeidstakarar kjend med arbeidsmarknaden i Vestland, gjennom å fortelje om arbeidsliv, næringsliv og gründerliv, traineeordning, karrieremesser og ledig stilling portal for Vestland på Framtidsfylket.no
BAKGRUNN FOR SAMLINGA
Ei kartlegging Odda kommune gjorde viste at det i 2018 var 180 menneske som har smelteverkstomta som sin arbeidstad. Det kjem til å skje mykje i området i åra framover og vi ynskjer styrke fellesskapskjensla og skape ein arena for å møtes. Ein aktør vert presentert kvar samling.
Gratis adgang, sal av lunsj.
Lunsjsamlinga er open for alle interesserte

Detaljer

Dato:
februar 25
Tid
11:00 - 12:00

Sted

Sentralbadet litteraturhus
Lindeplassen, 5750 Odda
Odda, Hordaland 5750
+ Google-kart