Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Siderkurs i Sentralbadet litteraturhus

mai 7 @ 11:00 - 19:00

Foto: Øystein Haara

Pommelierar og velrenomerte kokkar går i dybden i det sensoriske univers:

Billettar til kvart enkelt kurs

11.00 – Sider møter sjokolade (Fjåk)

Smak verdskjend sjokolade frå FJÅK saman med sider. Agurtxane Concellon frå Fjåk Sjokolade, sommelier Kasper Wrem Anderson frå Siderhuset Ola K og spennande siderprodusentar vil gje deg sprudlande sidersmakar og prisvinnande sjokolade i kombinasjon. Her får du smaka tre ulike sjokoladar opp mot tre sidertypar.

12.30 – Sider møter sjømat (Cornelius)

Lær å setta saman perfekte mat- og drikkekombinasjonar! På dette kurset får du spennande kunnskap om korleis du kan kopla ulike sidertypar med østers og skjell. På kurset får du smaka tre elegante kombinasjonar. Cornelius Sjømatrestaurant vert med på kurset og stiller med lekre smakar frå havet, og sommelier Kasper Wrem Anderson frå Siderhuset Ola K vil la deg få smaka på utsøkte sidrar som passar til.

14.00 – Sider møter laks (Salma)

Velkomen til ei spennande smaksoppleving der sider møter laks frå Hardangerfjorden! Sommelier og siderskribent Kasper Wrem Anderson frå Siderhuset Ola K tek oss med på ei smaksoppleving der sprudlande sider frå både utland og innland møter Salmalaks frå Hardangerfjorden. På kurset lærer du om gode sidrar til tre ulike lakserettar. Kom og smak spennande smakskombinasjonar frå Hardanger!

16.30 – Sider møter persetorsk (Bien)

På kurset får du smaka nasjonale og internasjonale sidrar i møte med den berømte Persetorsken til Bien restaurant i Bergen. Den internasjonale anerkjente ciderologisten Gabe Cook husar deg gjennom denne smakinga der du garantert får ei utsøkt smaksoppleving. OBS: Hovudspråk for dette kurset er engelsk.

18.00 – Sider møter kjøtt (Varegga)

Ei spennande sidersmaking der du lærer om gode siderparinger til smaksrikt kjøtt frå Vestlandet. Kurset blir halde av den internasjonalt anerkjente ciderologisten Gabe Cook. Med seg på laget har han både lokale og internasjonale siderprodusentar og Varegga Mat frå Bergen. Hovudspråket for dette kurset er engelsk.

Detaljer

Dato:
mai 7
Tid
11:00 - 19:00
Kategori for Arrangement:

Sted

Sentralbadet litteraturhus
Lindeplassen, 5750 Odda
Odda, Hordaland 5750
+ Google-kart