Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

SFO med Hiernagla-smaking

februar 3 @ 18:00 - 23:00

Hiernagla Brenneri AS er ein venegjeng på fem som har bygd og etablert eige brenneri i Sveio. Dei lagar dei whiskey, rom, gin og akevitt, men til oss denne fredagen kjem dei med gin-sortimentet sitt:

Værbitt Havbris blei lansert 7. juli 2021 og er ein smaksrik og frisk gin, med ein fin balanse mellom einebær, vårfriske granskudd, sitrus og urter.

Værbitt Skogsbær har tydeleg preg av einebær, og er avrunda med lokale skogsbær. For å behalda mest mogleg av smaken kuldfilterer dei ikkje ginen. På grunn av dette kan den få ein isblå farge.

Værbitt Motbør Med galopperande straumprisar måtte gjengen finne på noko, så dei laga ein ny gin i Værbitt serien. Motbør er destillert i mørkret, over open flamme, ispedd malurt og bitter appelsin. Dette er en gin som varmer, med frisk aroma prega av einebær, sitrus og urter.

I samband med The Norwegian Gin Federation sitt årsmøte på Sentralbadet denne kvelden, inviterer vi til smaking med Heirnagla fredag 3. februar kl. 20.00 

Billett til smaking kostar 300,- og kan kjøpast her.

Smaking inkluderer smaksprøve på dei tre nemnde gin-variantane, og ein GT.

Det og mogleg å kome på SFO utan gin-smaking:

SFO –  Sentralbadets fritidsordning Ein barkveld og møteplass med god stemning, rikhaldig barmeny, god musikk og fine folk.
Fredag kl. 18.00 – 23.00.

Detaljer

Dato:
februar 3
Tid
18:00 - 23:00

Sted

Sentralbadet litteraturhus
Lindeplassen, 5750 Odda
Odda, Hordaland 5750
+ Google-kart