Laster Hendelser

« All Hendelser

  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

SANNA SARROMAA: NÅR KJÆRLEIKEN TAR SLUTT

september 14 @ 12:00 - 13:00

100,-

KJØP BILLETTAR HER.

Svært mange av oss vil oppleve samlivsbrot i løpet av livet – rundt 20 000 nordmenn blir skilt eller separert kvart år. For mange opplevast dette også som den største krisa ein går igjennom: opprivande, bittert, og kor vi blir forvandla til sprø individ som gjer ting vi ellers ikkje kunne forestilt oss. Korleis skal vi navigere gjennom kaoset av kjensler som oppstår når vi skil lag med partnaren vår? Og kva med det praktiske, som barn, pengar og juridiske rettar?

Forfattar og sosiolog Sanna Sarromaa har, med utgangspunkt i eigen skilsmisse, skrive ein overlevelsesguide til deg som går igjennom det same. «Skilsmisseboken», som kjem i haust, er spekka med innspel frå psykologar, juristar og andre skilte folk. Til litteraturhuset kjem Sarromaa for å snakke om den lange reisa vi tar frå nyseparert vrak til sterk og glad singel, i samtale med gjestekurator Elise Winterthun.

Også dei lukkeleg forelska er velkomne. Det er alltid lurt å vere førebudd på alt!

Billett: 100,-

KJØP BILLETTAR HER.

Detaljer

Dato:
september 14
Tid
12:00 - 13:00
Kostnad:
100,-

Sted

Sentralbadet litteraturhus
Lindeplassen, 5750 Odda
Odda, Hordaland 5750
+ Google Map